Normalisera kvardagen etter koronaPandemien er no i ein anna fase, men me må fortsatt leva med koronaviruset. Regjeringa har utarbeida ein ny strategi og beredskapsplan for vidare handtering av pandemien. Publisert 06.04.2022 08.57 Sist endra 06.04.2022 08.57 God overvåkning, gode planar og vaksinasjon er dei viktigaste forutsetningane for å leva med covid-19 framover. Målet med strategien er: Ivarta liv og helsa Halda samfunnet opent og økonomien så normal som mogleg Kvardagen er tatt tilbake, og me skal normalisera korleis me forheld oss til og håndtera covid-19. Noreg har høg vaksinasjonsgrad og mange har gjennomgått infeksjon. Det betyr at befolkninga i stor grad er beskytta mot alvorleg sjukdom, og det er derfor mindre behov for tiltak for å begrensa smitte. Rådet om å vera heima i 4 døgn etter koronasmitte vert oppheva frå 5 april 2022. Les regjeringa si pressemelding frå 5 april: Langsiktig koronastrategi for å normalisera kvardagen