Eidfjord Kommune

Nye strengare nasjonale tiltak frå 25. mars

Nye strengare nasjonale tiltak frå 25. mars

Grunna smittesituasjonen i Noreg innfører regjeringa strengare nasjonale tiltak, gjeldande frå 25. mars 2021 og inntil vidare.
4 april kom Helseminister Bent Høie med fylgjande beskjed: `Vi blir nøydde til å vidareføra dei nasjonale tiltaka til 14. april`

For Eidfjord betyr dette følgande

Skule, barnehage og kulturskule

  • Lægreid skule - gult nivå 
  • Barnehage - gult nivå
  • Kulturskulen - gult nivå

Normalen er grønt nivå i fylgje trafikkljosmodellen

Opne fritidsaktivitetar 

  • Styrkerommet opent for innbyggjarar i Eidfjord. Viktig å fylgja smittevernreglane  
  • Idrettshallen er open for aktivitetar for barn og unge under 20 år 
  • Samtrening fotball for barn i Eidfjord/Granvin kan fortsetja
  • Fritidsklubben held ope (stengt i påsken)
  • Biblioteket har vanlege opningstider

Stengte fritidsaktivitetar

  • Offentleg bading stengt
  • Kinoen stengt
  • Fritidsaktivitetar på Sæbø skule stengt
  • All organisert idretts - fritidsaktivitet innandørs for vaksne vert stengt/avlyst 

Besøksrutinar på Bygdaheimen

Nye tilrådingar:

  • Ein-meter vert no til to-meter
  • Ha få kontaktar og dei same over tid.
  • Tilrår maks to gjester på besøk
  • Kjem du frå eit område med høgt smittetrykk, bør du verken reisa på overnattingsbesøk eller ha overnattingsgjester
  • Tilrår bruk av munnbind på all plassar der det ikkje er mogleg å halda to-meters avstand
  • Tilrår å nytta kjøpesenter og varehus i heimkommunen 
  • Tilrår at alle reiser som ikkje er nødvendige vert utsett, med unntak av:
    • Reiser til arbeid når det ikkje er mogeleg med heimakontor
    • Reiser til familie for studentar utan familie på studiestad
    • Reiser til hytta saman med eigen husstand

Nye reglar:

  • Forbod mot skjenking av alkohol over heile landet
  • Forbod mot innandørs organisert idretts - og fritidsaktivitetar for vaksne
  • Symjehallar skal stengast
  • Heimakontor for tilsette på arbeidsplassar det er praktisk mogeleg
  • Tilrår at alle planlagte arrangement vert avlyst. Kan ikkje arrangementet utsetjast, gjeld desse reglane:
    • Innandørs tillatt med 20 personar på arrangement med faste, tilviste plassar
    • Innandørs tillatt med 50 personar på idrettsarrangement for personar under 20 år som tilhøyrer same idrettslag i kommunen
    • Utandørs tillatt med 50 personar på arrangment
    • Tillatt med 50 personar i gravferd/bisetjing når det er tilviste faste plassar
       

Les alle ny nasjonale tiltak på Helse Norge

Regjeringa innfører strengare nasjonale tiltak