Oppdatering koronasituasjonen i Eidfjord - veke 8

Oppdatering koronasituasjonen i Eidfjord - veke 8

I veke 8 er det registrert 67 nye smittetilfelle med korona i Eidfjord kommune. 

Smittenivået dei siste 14 dagane ligg med det på 11900 per 100.000 innbyggjarar *

Dette er ikkje uventa sett i ljos av lette i tiltak og at det er den meir smittsame varianten Omikron som spreier seg no. Det er forventet at smittetalla kjem til å halda seg høge dei neste vekene.
På grunn av den raske auka i smitte, ynskjer me å minne om at det er viktig å fylgja smittevernsråda: 

  • Vaksiner deg 
  • Hugs god hand- og hostehygiene 
  • Hald deg heima ved sjukdom

* Prevalens i Eidfjord. Talet på antal personar som har ein sjukdom i eit bestemt tidspunkt.