Skjerpa rutinar på Eidfjord legekontor

Skjerpa rutinar på Eidfjord legekontor

I samband med covid –19 pandemien har helseavdelinga skjerpa rutinanar.

Grunna forsterka smittevernsrutinar må me omorganisera legekontoret og ynskjer å opplyse om følgjande tiltak framover.

  • Alle pasientar må avklarast på førehand i forhold til symptom på akutt luftvegsinfeksjon, feber, hoste eller tungpustheit. Har du time fram i tid, og får symptom, må du ta kontakt før timen
     
  • Me ynskjer å tilstreba korte konsultasjonar, max 15 minutt, og kun ei problemstilling pr konsultasjon. Møt opp i reine enkle kle, og legg att ringar og klokke heima. Det gjer at ein eventuell undersøking går raskare.
     
  • Om problemstillingar kan løysast pr telefon bør det tilstrebast
     
  • Venterommet er organisert slik at det er 2 meter avstand mellom stolane, hald avstand til kvarandre, eventuelt vent på utsida, me tilstreb max 3 personar på venterommet samtidig
     
  • Ta på minst mogleg av dørhandtak, desinfiser hender når du kjem, og når du går

Kontakt

Legekontor Eidfjord
Telefon 53 67 35 50

Ope alle kvardagar frå  08.00 – 15.00.
Legevakt kvar dag frå 08.00 - 16.00

Telefontid:
08:00-10:00
13:00-15:00

Legevakt telefonnr. 116117