Smittevern på kommunehuset

Smittevern på kommunehuset

Alle som kjem innom kontordelen av kommunehuset må registrera seg på tenestetorget. Oppgje namn og telefonnummer. 

Registrering 

Om du har ein avtale med ein medarbeidar eller sakshandsamar skal du fyrst registrera deg på tenestetorget.
NAV, legekontoret og fysioterapi, samt biblioteket har eiga registrering.

Dette er svært viktig med omsyn til eventuell smittesporing. Då kan kommunen raskt slå ring rundt eit eventuelt smittetilfelle - og kontrollera vidare utbrot.
Registrering er viktig for deg og andre innbyggjarar.

Viss du skulle gløyma å registrera deg, kan du ta ein telefon til tenestetorget og melda frå.

Alle velkomne 

Me ynskjer alle velkomne på kommunehuset.
Det er ynskjeleg at du har avtalt tid med medarbeidar/sakshandsamar på førehand.
I desse tider kan det vera lurt å utsetja besøket, eller gjer avtale om eit digitalt møte.

Me oppmodar alle om å praktisera gode smittevernsrutinar.
Vasking/spriting og avstandsreglar må fylgjast.
Er det vanskeleg å halda 1 meter avstand skal du bruka munnbind.