Me kan no tilby koronavaksine til barn i alderen 5 - 11 år, dersom føresette ønskjer det.
Vaksine i denne alderen er særleg aktuelt for:
- Barn med kroniske sjukdomar
- Familiar der barn har nær kontakt med personar med særleg behov for beskyttelse
- Barn som har auka risiko fordi dei skal flytta til, eller opphalda seg i, land med høgare smitterisiko eller dårligere tilgang til helsetjenester enn i Norge, eller barn som av andre grunnar lever i ein svært utsett situasjon
Det er BioNTech/Pfizer-vaksinen som vert brukt, og den vert spesielt dosert for barn. Vaksinen er ikke godkjent for barn under 5 år.
For dei som vel vaksine, vurderer FHI at ein dose er det som gjev best nytte-ulempebalanse i denne aldersgruppa.
Dersom dose 2 vert gjeven, er det ein fordel med eit langt intervall på meir enn 12 veker etter første dose. Dette for å minska risikoen for bivirkningar.
Dersom barnet ditt er i denne gruppa, eller du har spørsmål, kan du ta kontakt på vaksinetelefonen tlf: 900 28 051. Du må sjølv ta kontakt om du ynskjer dette tilbodet. Før me kan vaksinera må samtykkeskjema vera fylt ut.
Samtykkeskjema