Næringsaktørar i Eidfjord

Næringsaktørar i Eidfjord

Koronakrisa

Næringslivet i Eidfjord er hardt råka av koronakrisa. Mange bedrifter er sett i ein vanskeleg og særs krevjande situasjon. Det kan vera trong for hjelp til å for å få oversikt over den akutte og framtidige økonomiske situasjonen. Eidfjord kommune ynskjer å bidra til at verksemdene kan greie å komme gjennom denne krevjande tida.

Det er viktig at verksemdene sjølve etablerer god kontakt med bankforbindelsen sin. Statlege hjelpeordningar, som har komme og som eventuelt kjem til, vil verta drifta gjennom banksystemet.

Det er også viktig at verksemdene sørgjer for å sette seg best mogleg inn i situasjonen til eiga verksemd, og ha så god oversikt som mogleg over kva hjelp ein har behov for no i denne krevjande stoda.

Meir hjelp

Samtidig er det sannsynleg at nokre verksemder vil ha behov for ytterlegare hjelp og råd. Kommunen har difor etablert eit opplegg der ein kan søkje støtte til rådgjeving, med fokus på å finne løysingar på det kortsiktige behovet for likviditet til dekking av faste kostnader.

Etter kvart vert det svært viktig å bruke tid og ressursar på å førebu verksemda på å komme i full gang att når verden har normalisert seg og gjestene/kundane igjen kjem tilbake.

Eidfjord kommune vil invitere verksemder som har behov for støtte å sende ein kortfatta søknad snarast råd.

  • Ordninga som Eidfjord kommune tilbyr gjeld for bedrifter/forretningar som er Brønnøysundregistret i Eidfjord kommune

Rådgjeving type I:

Førebu og sende inn søknader om kompensasjons /likviditetslån/avdragsutsetjing:

  • Hjelp til å søkja dei ulike kompensasjonsordningane frå regjeringa/bankar. Me gjer økonomisk stønad inntil 7,5 timar rettleiing og hjelp utført av regnskapsbyrå.
  • Analysere situasjonen – kva etablerte hjelpepakkar er relevante for oss?
  • Likviditet og økonomi – hjelp til å skaffe oversikt, samt bistå ved søknader.

Kommunen vil handsame søknader løpande etter kvart som dei vert innsendt. Søknader om denne type bistand vert prioritert. Det er viktig at bedriftene har oversikten klar når portalen opnar.

Kompensasjonsordninga til regjeringa vert forvalta av skatteetaten Søknadsportal for søknad om kompensasjon er forventa opna 17.04.2020.

 

Søknad

Søknad om rådgjeving

Søknader vert handsama dagleg.

Har du andre økonomiske utfordringar i di bedrift knytt til kommunale tenester, ta kontakt med Eidfjord kommune v/økonomikontoret.

Nyttige lenker