Endå eit nytt smittetilfelle i EidfjordDet har også i dag kome eit nytt smittetilfelle i Eidfjord kommune. Det er til saman 3 smittetilfeller knytt til Lægreid skule. Publisert 10.01.2022 15.36 Sist endra 10.01.2022 18.24 Det har vorte gjennomført nødvendig smittesporing, og planlagt testing utfrå dette. Me har delt ut hurtigtestar der det er aktuelt. Eidfjord kommune oppmodar alle om å ha godt smittevern hald avstand ha god hoste- og handhygiene hald deg heima ved sjukdom Det er dei nasjonale råd, tilrådingar og retningsliner som gjeld. Eidfjord kommune fylgjer desse, du finn alle reglane på koronasidene til regjeringa. Andre som har symptom må ta kontakt med legekontoret for å få utlevert hurtigtest. Spørsmål og svar