Oppdatering om smitte på Eidfjord Bygdaheim 01.05.21Det har vorte arbeida i heile dag med å få oversikt over utbrotet og nærkontaktar. Ein bebuar på Eidfjord bygdaheim er bekrefta smitta, og det er ein positiv hurtigtest på ein av nærkontaktane. Publisert 01.05.2021 18.56 Sist endra 03.05.2021 16.02 Nærkontaktar Dette gjer at ein nett no har definert 20 nærkontaktar med tilhøyrande hustandsmedlemmer i ventekarantene. Slik me vurderar situasjonen no har me god oversikt over utbrotet. Dei fleste nærkontaktar er no kontakta, og smittesporararne arbeider med å få tak i dei siste. Testing Alle bebuarar har fått tilbod om testing og alt personale vil så snart det er råd verta testa for å få kontroll over utbrotet. Bygdaheimen og besøkjande Eidfjord bygdaheim vil inntil vidare vera stengt for besøkjande. Utover dette er det pr no ikkje innført lokale tiltak i Eidfjord. Me minnar om at alle må følgja nasjonale retningslinjer og vera særskilt merksam på symptom. Ved symptom ber me om at de held dykk heima og tek kontakt med doktarkontoret på måndag for å avklara eventuelt behov for testing. Spørsmål og svar om karantene