Oppdatering om smitte på Eidfjord Bygdaheim 02.05.21I løpet av gårsdagen testa me 76 personar i samband med påvist smitte på Eidfjord bygdaheim. Desse prøvane er sendt til Bergen og me ventar på svar på desse. Me har vore i kontakt med alle kartlagde nærkontaktar og dei har fått informasjon om korleis dei skal forhalde seg til karantene. Publisert 02.05.2021 11.31 Sist endra 03.05.2021 15.57 Testing på bygdaheimenVidare vil bebuarar og tilsette på jobb ved bygdaheimen i ein periode verta testa kvar tredje dag. Me minnar om at alle må følgja nasjonale retningslinjer og vera særskilt merksam på symptom. Ved symptom ber me om at de held dykk heima og tek kontakt med doktarkontoret på måndag for å avklara eventuelt behov for testing. Nasjonale føringarEidfjord kommune følgjer framleis nasjonale råd og føringar og har ikkje innført lokale restriksjonar utover at Eidfjord bygdaheim er stengt for besøkjande. Likevel er det viktig at alle er bevist på dei nærkontaktar me skapar og held dette på eit lågast mogleg nivå.Smittesporing I går var det eit stort apparat som vart sett i sving med smittesporing, testing og ressursplanlegging framover. Me takkar for rask og særs god innsats frå alle som stilte opp i går og alle som handterar dette i tida som kjem.Nasjonale føringarSpørsmål og svar om karantene