Oppdatering om smitteutbrot i Eidfjord kommune 03.05.21 Av 76 testar var 2 prøvar positive. Eidfjord har totalt 3 smitta. Publisert 03.05.2021 14.14 Sist endra 03.05.2021 15.54 Testar Alle dei 76 som vart testa på laurdag har no fått svar, av desse er det 2 positive testresultat. Dei to positive testresultat var forventa og utløyser ikkje fleire nærkontaktar. Dette vil sei at Eidfjord har no totalt 3 smitta.Karantene Nærkontaktar til dei smitta er i karantene, medan dei som var i ventekarante i påvente av testresultat er gått ut av karantene.Smitteveg Smitteveg er førebels ukjend men me mistenkjer ikkje at det er villsmitte i kommunen. Eidfjord kommune har sett i gang eit omfattande arbeid og har god oversikt over situasjonen. Det vert utført massetesting av bebuarar og tilsette på Eidfjord bygdaheim jamnleg denne veka.Nasjonale føringar Me minnar om at alle må følgja nasjonale retningslinjer og vera særskilt merksam på symptom. Ved symptom ber me om at de held dykk heima og tek kontakt med doktarkontoret for å avklara eventuelt behov for testing.Eidfjord kommune følgjer framleis nasjonale råd og føringar og har ikkje innført lokale restriksjonar utover at Eidfjord bygdaheim er stengt for besøkjande. Likevel er det viktig at alle er bevist på dei nærkontaktar me skapar og held dette på eit lågast mogleg nivå. Vaksine Arbeidet med vaksinering vert ikkje påverka av smittesituasjonen. Det går som planlagt og dei som er satt opp til vaksinering er kontakta.