Smittesituasjonen i Eidfjord 06.05.21Ein tilsett på Eidfjord bygdaheim har testa positivt for korona. Publisert 06.05.2021 11.06 Sist endra 06.05.2021 11.13 SmittesporingArbeid med kartlegging av smittevegar i samband med det nye smittetilfellet går for fullt. Det kjem til å verta gjennomført eit omfattande testarbeid i tida som kjem, og alt i morgon vil omlag 80 personar verta testa. KriseleiingaKommunal kriseleiing vart samla i natt, og dei samarbeidar med Statsforvaltar og FHI om korleis smittesituasjonen i kommunen skal handterast vidare.TiltakPå grunn av smittetilfellet har kommunal kriseleiing vedteke å innføra raudt tiltaksnivå i barnehagen, skulen og kulturskulen, frå og med torsdag.– Dette gjer me fordi me enno ikkje har fått full oversikt over smittevegane. Men me set det nye smittetilfellet i samanheng med dei andre smittetilfella den siste veka, seier kommuneoverlege Rita Høvset.InfoDet vil koma meir informasjon i løpet av dagen i høve utbrotet.