Tiltak og tilrådingar 06.05.21

Tiltak og tilrådingar 06.05.21

Tiltak og tilrådingar i samband med pågåande smitteutbrot i Eidfjord kommune.

Smitte

Me har, som meldt tidlegare i dag, fått eit nytt positivt prøvesvar knytt til ein tilsett på Eidfjord bygdaheim. Vedkomande vart rutinemessig testa som følgje av at alle tilsette på bygdaheimen vert testa tredje kvar dag. 

Den smitta er ikkje nærkontakt til tidlegare meldt smittetilfelle, noko som gjer at me per no ikkje har kjent smitteveg. Sjølv om me ikkje har kjent smitteveg, tydar smittesporing på at dei har ein samanheng.  

Handsaming

I dialog med FHI og Statsforvaltaren, samt gjeldande nasjonalt regelverk, har me vurdert korleis me skal handsama utbrotet. Alle vedtak me gjer lokalt skal vera grunngjevne og stå i høve til den situasjonen me er i. Ut frå råd og diskusjon med FHI og Statsforvaltaren i Vestland, har kommunal kriseleiing valt å ikkje innføra ei lokal forskrift no. Forsterka testing og karantene rundt dei smitta er dei viktigaste tiltaka me meinar me kan gjera no. 

Me forventar likevel at alle i størst mogleg grad følgjer dei tiltak og tilrådingar Eidfjord kommune kjem med.  

Tiltak og tilrådingar gjeldande til 12. mai

For å redusera mogleg smittespreiing innfører Eidfjord kommune desse tiltaka no:

Stengt

  • Kulturskule stengt, grunna anna bruk av lokale
  • All fritidsaktivitet for vaksne vert stengt, gjeld òg familiebading og Sæbø skule
  • Kino vert stengt
  • Galleri N. B. stengt
  • Fritidsklubben vert stengt, grunna anna bruk av lokale
  • Kommunehuset vert stengt for fysisk oppmøte, gjeld òg bibliotek

Andre tiltak

  • Barnehage og skule på raudt nivå, med opningstid kl 07:45-15:45 i barnehagen. Sjå eiga melding i Vigilo
  • Heimekontor i den grad det er mogleg
  • Munnbind på offentleg stad der det ikkje er mogleg å halda 2 meter avstand
  • Det vert oppmoda om å avgrensa å gå på, eller ta imot, besøk

Tilreisande

Me oppmodar tilreisande om å gjera innkjøp i heimkommunen og halda seg oppdatert på smittesituasjonen og lokal tiltak når dei oppheld seg i Eidfjord.

Vidare oppfølging

Fredag legg me opp til å testa over 100 personar som eit ledd i forsterka smittesporing og jamnleg testing av bebuarar og tilsette på bygdaheimen. Situasjonen vert følgd tett av kommunal kriseleiing og det kan på kort varsel verta innført nye tiltak.

Reiser innlands

Råd for koronakvardagen
 

Anders Vatle - ordførar

Rita Høvset - kommuneoverlækjar/smittevernoverlækjar