Testing og symptomerRegjeringen går vekk frå anbefalinga om at husstandsmedlemmer og tilsvarande nære bør testa seg etter nærkontakt med ein smitta. No skal vaksne testa seg kun ved symptom, medan barnehageborn og elevar slepp dette. Endringane gjeld fra laurdag 12. februar kl.10.00. Publisert 02.02.2022 18.27 Sist endra 14.02.2022 17.06 Sjekkliste for deg som har testa positivt - HelseNorge Har du symptom, ta hurtigtest Dette er symptoma på korona Det vert anbefalt test for covid-19 ved nyoppståtte luftvegssymptom hjå vaksne. Testing av personar utan symptom vert ikkje anbefalt. Det er ikkje lenger naudsynt å testa born med symptom. Ved positiv sjølvtest heima, bør den enkelte registrera dette i kommunen sitt smittesporingssystem. Ein positiv sjølvtest vert ikkje registrert på helsenorge.no, og kjem ikkje fram i koronasertifikatet. Ein positiv sjølvtest bør bekreftast med test på teststasjon for personar som er ufullstendig vaksinert, dvs. manglar oppfriskningsdose. For personar som har fått oppfriskningsdose (booster) eller er grunnvaksinert og etterpå har gjennomgått covid-19 siste 3 måneder er det ikkje naudsynt med bekreftande test. Dei fleste vil testa positivt rundt symptomstart. I nokon tilfelle kan det ta noko lenger tid frå den smitta får symptom til sjølvtesten viser at du er smitta. Ved vedvarande symptom og negativ sjølvtest vert det anbefalt at du tar ny test 2-3 dagar seinare. Sjølvtest for korona - FHI Berre dei med symptom skal testa seg- Regjeringa.no Testkriteriar - FHI Brukarvideo hurtigtest Registrering av positivt resultat på hurtigtest Dersom du får positivt resultat på hurtigtest (testen syner at du har covid-19) ber me om at du registrerar det i smittesporingsprogrammet - Remin.no. Treng du hjelp til registrering, ta kontakt med legekontoret Alle resultat som vert registrert i smittesporingsprogrammet vert ført inn i din helsejournal. Om hurtigtestar og tryggleik Positive resultat av hurtigtestar er veldig sikre. Dersom testen syner at du er smitta, kan du rekna med at det er rett. Det er ingen smittvernfagleg grunn til å ta ein ny test for å bekrefta positivt resultat av en hurtigtest. Krav til koronatest nyare enn 48 timar I nokre høve vert det krevd framvising av koronatest som ikkje er eldre enn 48 timar, mellom anna for arbeid i Nordsjøen og innreise til enkelte land. Eidfjord legekontor har vanskar med å lova slik testing då det i enkelte høve går meir enn 48 timar før me får svar på innsendte testar. Karantenesjekken