Dagsturhytta i Eidfjord

Dagsturhytta i Eidfjord

Eidfjord kommune har vedteke å byggja dagsturhytta i Eidfjord. Plassering av hytta har vore ein omfattande prosess som har teke lang tid.

Om dagsturhytta

Dagsturhytter finn du no i heile Vestland fylke. Det var fylkeskommunen og Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane som tok initiativ til dagsturhyttene, fyrst i Sogn og Fjordane og seinare i heile Vestland fylke. Målet med hyttene er å stimulera turgleda i trygge rammer, med eit flott turmål 15 – 90 minuttars gange frå løypestart, der du kan eta matpakka di, varma og turka kroppen ved peisen, og kosa deg med bøker frå hyttebiblioteket.

Det er mange kriterium som skal oppfyllast, mellom anna:

  • Lett tilgjengelig , fyrst og fremst for born og unge
  • Maks 15 minutt med bil frå kommunesenter
  • Maks 700 meter over havet
  • Tilgjenge til sti, mulighet for rundløype
  • Tilgjenge heile året

Plassering

Dagsturhytta vart i fyrste omgang sett til Varbergshaugen der det vart gjort avtale med grunneigar. Grunna rasfarevurdeinga av Tussafoten vart heile byggeprosessen sett på vent medan me venta på dette. Sidan dette tok litt tid vart arbeidet med alternativ plassering satt i gang rundt årskiftet. Dette har ført til at me plutseleg hadde to alternativ til plassering og to grunneigarar som er positive til å ha dagsturhytta på sin eigedom. Sak om plassering av hytta vart behandla politisk i juni 2022 og valget fall på "Randolie" ovanfor Lægreid. 

Hytta i “Randolie” er plassert med flott utsikt frå Eidfjordvatnet og heilt til fjorden. Arealet rundt hytta er berg og skog. Det må tilretteleggast sti til hytta for å betra tilkomsten. Skule og barnehage har i dag ein gapahuk som turmål litt nedanfor plasseringa til dagsturhytta og nyttar området ofte. Hytta vert ikkje tilgjengelig for dei som er dårleg til beins, eller barnevogn.

Vegen vidare

Me håper å få behandla dispensasjonssak og byggesak i august. Dersom alt går bra er det forhåpentlegvis byggestart hausten 2022, dette er også avhengig av timeplanen Stadt Kystbygg som har bygd Dagsturhyttene i Vestland og no er i gang i Rogaland.