Hald Eidfjord reint!

Ingen kan gjera alt, men alle kan gjera litt! Eidfjord kommune ynskja å bidra til å rydda søppel på avveie i naturen og dernest auka bevistgjeringa om korleis me kan ferdast meir berekraftig i verda. Her får du opplysningar om kva kommunen gjer rundt å rydda naturen, og korleis du kan bidra.

Ein kan alltid stilla spørsmål kvar avfallet kjem frå, og finna utallige unnskyldingar for at andre burde gjera noko. No er situasjonen slik at det angår oss alle, og me må ta naudsynte grep for å avgrensa utveklinga av avfall på avveie.

Hold Norge Rent og Eidfjord kommune

Eidfjord kommune er registrert som distributør av ryddeutstyr og godkjent mottagar av avfall frå ryddeaksjonar gjennom Hold Norge Rent (HNR). Dette vil i praksis seia at du kan henta plastpose og hanskar på Kommunehuset, rydda søppel på avveie og levera søppelet på avtalt stad, utan økonomiske kostnadar. 

Me vil gjennom dette bidra til å:

  • Forebyggja forsøpling
  • Engasjera lokalt til å ta ansvar for naturen vår
  • Mobilisera til organiserte ryddeaksjonar gjennom året

Tips til ryddeaksjonar

Gjennomføra ein aksjon? Sjå til Rydde!

Gjennom nettløysninga Rydde, som også er ein app (nedlasting android, nedlasting apple) kan ein sjå planlagde og gjennomførte ryddeaksjonar i nærleiken, samt ha oversikt over distributørar som delar ut utstyr og kor ein finn miljøstasjonar. 

Ynskja du gjennomføra ein ryddeaksjon? Ta kontakt med resepsjonen på Kommunehuset innen åpningstida for å få utdelt utstyr, og meld opp aksjonen i Rydde slik at du kan registrera initiativet i kampen mot forureina natur. 

Posar og hansker kan hentas på Kommunehuset.

Statistikk knytt til Rydde og aksjonar

Rein Hardangerfjord

Året 2022 er frivilligheitens år. Me skal saman leggja opp til og feira frivilligheita på tvers av sektora og organisasjonar. I lys av dette arrangeres Strandryddeuka i regi av Hold Norge Rent. Dei inviterar til nasjonal ryddedugnad frå 10-18. september 2022. Strandryddeuka er ei nasjonal hending kvart år, for å markera viktigheita av å ikkje forureina naturen. Her oppfordrar me alle å bidra; barnefamiliar, godt vaksne, vennegjengar, lag og organisasjonar og næringsliv.

For Hardangerfjorden spesifikt har Kenneth Bruvik, kjent frå NRK-serien Plasthavet, sett i gong aksjona Rein Hardangerfjord. Prosjektet sitt mål er å rydda heile Hardangerfjorden for plast. Dette er eit initiativ kor Hardangerrådet har styringa, men prosjektet har fleire samarbeidspartar deriblant kommunar, lokalt næringsliv og organisasjonar langs fjorden. 

Pressemelding: Rein Hardangerfjord - Me berre gjer det!

Kystlotteriet - rydd og vinn!

Eidfjord kommune skal inn som samarbeidpartnar i Kystlotteriet. Kystlotteriet er eit samarbeid mellom lokalbefolkning, lokalt og regionalt næringsliv med sponsorar og samarbeidspartar som ynskja å rydde kystlina for marint avfall og motivera til rydding gjennom premiering. Å delta i Kystlotteriet er enkelt; få hansker og plastpose frå Kystlotteriet. Når posen er fylt, scanner du QR-koda på sekken og fyll inn naudsynt informasjon digitalt. Lever søppelsekken på avtalt returpunkt, og vipps er du med i trekninga av flotte premier.

Les om Kystlotteriet

Merk, sidene til Kystlotteriet er under oppussing og vil varta nye ila. våren 2022.

#likefintsomfør

#likefintsomfør ei ein nasjonal kampanje mot forsøpling som skal inspirera ferierande i Noreg til å ta vare på stadane dei vitjar, fremja storslått natur og minna oss om å ferdas sporlaust. Me oppmodar til å dela bodskapen gjennom å nytta emneknaggen #likefintsomfør i sosiale kanalar. 

Sjå emneknaggen #likefintsomfør på Instagram.

Tips for korleis du kan etterlate din favorittplass #likefinsomfør

Kontakt

Eirin Aasland
Rådgjevar natur, miljø og landbruk
E-post
Telefon 53 67 36 52
Mobil 45 22 70 04

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
09.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00