Informasjon om motorferdsel i Hardangervidda nasjonalpark - vintersesong

I samband med utskriving av motorferdselløyver for vintersesongen har Tilsynsutvalet i Vestland forsøkt å lage eit hovudløypenett for motorferdsel på snødekt mark i Vestland sin del av nasjonalparken.

Dette er eit forsøk på å kanalisere motorferdsla, og om mogeleg handtera evnt. løype-endringar i periodar, som måtte kome som fylgje av omsyn til villrein eller andre.

Registrering

Ein forutsetning for at dette skal lukkast er at me registrerer alle løyvehavarar med mobilnummer, og at me kan nå desse med ei felles utsending av SMS om evntuelle endringar i løpet av løyveperioden.

Det betyr vidare at alle løyvehavarar må sjekke mobilen sin før transporten skal føregå for å få med seg om det er sendt ut informasjon om evnt. stenging av løyper. Det vil då vera krav om enten å bruka ei alternativ løype, eller å utsetje transporten.

Løypenett

Hovudløypenettet, som er nummerert, skal vera løyper som dei fleste nyttar største del av transportstrekningen. Motorferdselløyvet vil vera spesifisert med avkøyring frå hovudløypa etter kortaste strekning fram til endemålet for turen. Søkjar vert difor beden om å teikna inn i karttraseen ein ynskjer å køyra frå hovudløypa. Dette skal fylgja som vedlegg til søknaden.

Hovudløypekart