Fritidsklubb

Fritidsklubb

Eidfjord kommunale fritidsklubb er open for ungdom i alderen 13 - 18 år og held til i "Gamleskulen". Klubben har ein viktig funksjon som uformell møtestad for ungdom. 

Her har ein aktivitetar som mellom anna playstation, data, brettspel, musikkutstyr, biljard og bordtennis. Det er og kjøken som gjer det mogeleg å lage seg ein matbit om ein skulle ha behov for det.
Klubben held ope kvar onsdag kl. 18 - 22. Det er også ope annakvar fredag i partallsveker kl. 19 - 23. Me fylgjer skuleruta og held stengt jul, påske og sommarferie.

Smitteverntiltak i samband med Covid19

  • Alle skal vaska hender når dei kjem til klubben og når dei forlet klubben, vask også hender dersom du har vore ute i løpet av klubbtida. Det er også tilgjengelig handsprit i lokalet 
  • Dersom du er sjuk eller har forkjølelsessymptom skal du ikkje koma på klubben. Dersom du føler deg sjuk medan du er på klubben bør du opplysa dei vaksne om dette
  • Dersom det vert påvist smitte på klubben vert klubben stengt inntil vidare 
  • Alle kontaktflater skal vaskast i løpet av klubbtida, både før, under og etter opningstid 
  • Dei tilsette fører lister over kven som møter på klubben, desse vil kun verta nytta til eventuell  smittesporing og vert makulert etter 2 veker.  

Bli med i Eidfjord kommunale fritidsklubb på facebook

Digital fritidsklubb på Discord

Kontakt

Bergljot Maria Veivåg Hauso
Kulturkoordinator
E-post
Telefon 53 67 35 93
Mobil 971 90 023

Adresse

Lægreidsvegen 5
5783 Eidfjord

Opningstider

Onsdag
18.00 - 22.00 

Fredag (partallsveker)
18.00 - 22.00 

Fritidsklubben fylgjer skuleruta og held stengt sommar, jul- og påskeferie.