Jentekafè

Jentekafè

Fordi me har lyst å gjera noko for å styrka samhaldet mellom jenter og gjera at ungdommane trivest og har det godt i Eidfjord, lagar me til samlingar for jenter som me har kalla jentekafè.

Jentekafè er for jenter på ungdomskulen og fungerer som eit forum der der ein skal kunna vera seg sjølv, lufta tankar og idear, reflektera og samhandla. Her er det lov å skilja seg ut og vera annleis, alle er velkomne og alle vert ivaretekne. 

Jentekafèen har samlingar ein gong i månaden frå oktober til april. Jentekafèen vert organisert som eit samarbeid mellom helse og kultur. Det er helsesyter Anne Myklatun og kulturkoordinator Bergljot Maria Veivåg som styrer arbeidet med jentekafèen. 

Kontakt

Bergljot Maria Veivåg Hauso
Kulturkoordinator
E-post
Telefon 53 67 35 93
Mobil 971 90 023
Anne Myklatun
Helsesjukepleiar
E-post
Telefon 53 67 35 50
Mobil 911 87 453