Styrketrening for ungdom

Styrketrening for ungdom

Styrketrening for ungdom er eit kurs som fører til godkjenning slik at ungdomane får tilgang til styrkerommet og kan kjøpa sitt eige nøkkelkort

Styrketreninga er for ungdom som som har fyllt eller fyller 15 år i løpet av semesteret. Her får dei vegleiing i bruk av apparata på styrkerommet i idrettshallen. Når ungdommen har skaffa seg god innsikt i apparat og treningsmetodar vert dei sertifisert og har tilgang til å kjøpa sitt eige nøkkelkort til styrkerommet når dei har fyllt 15 år.  Nøkkelkort til styrkerommet er elles kun for vaksne over 18 år. 

Organisering

Styrketreninga er finansiert av folkehelsemidlar og vert sett opp kvart semester. Det vert eiga påmelding og treningane vert annonsert med oppstart i januar (for dei som har fyllt eller fyller 15 år januar - juni) og på hausten (for dei som har fyllt eller fyller 15 år juli - desember). 
Kursa vert annonsert på heimesida, på kommunal app og på Facebooksida til kommunen.

Prisar nøkkelkort til styrkerommet:

Styrketrening
Type kort Pris
Årskort 1 250,-
Månadskort/periode 300,-
Halvtårskort 625,-
Undom 15-20 år får 50% rabatt

Kontakt

Bergljot Maria Veivåg Hauso
Kulturkoordinator
E-post
Telefon 53 67 35 93
Mobil 971 90 023

Adresse

Skulevegen 6
5783 Eidfjord