UngdomsrådEidfjord ungdomsråd er eit demokratisk valgt organ med oppgåve å ivareta ungdommen sine interesser i Eidfjord kommune. Rådet skal arbeida med saker som ungdommane er opptekne av. Samansetjing og funksjonstid Eidfjord ungdomsråd består av 5 faste medlemmar og 1 vararepresentant. Leiar og nestleiar i ungdomsrådet er også med i Hardanger Ungdomsråd. Det vert halde val innan 1 januar kvart år. Medlemmane vert vald for 1 og 2 år i samsvar med vedtektene for Eidfjord ungdomsråd (PDF, 73 kB). Korleis arbeider ungdomsrådet Det er sentralt at ungdomsrådet får tilsendt alle saksdokument som kommune arbeider med. Slik vert rådet eit høyrings- og rådsorgan for kommunen i saker som vedkjem barn og unge. Ungdomsrådet har mange og varierte oppgåver. Dei skal mellom anna vera med å fordela økonomiske midlar til tiltak av interesse for unge. Rådet skal og arbeida for å styrkja ungdomane sitt samfunnsengasjement. Har du innspel til saker Har du innspel til saker til ungdomsrådet kan du ta kontakt med leiar av ungdomsrådet eller med sekretær for ungdomsrådet. Medlemmar i Eidfjord ungdomsråd Funksjonstida for ungdomsrådet er endra til at val må haldast innan 31.12 kvart år. Rådet vert konstituert og gjeld for eit år i gongen, det er kommunestyret som konstituerer ungdomsrådet. Medlemmar i Eidfjord ungdomsråd Medlemmar i Eidfjord ungdomsråd Verv Namn Funksjonstid Leiar Are Dalseid 2022 + 2023 (2 år) Nestleiar Martinius Næss Soleim 2023 + 2024 (2 år) Medlem Torje Stakseng Ukvitne 2022 + 2023 (2 år) Medlem Ingeborg Vik 2023 + 2024 (2 år) Medlem Una Herland 2023 + 2024 (2 år) 1. vara Lisa Limstrand 2023 (1 år) Hardanger Ungdomsråd si heimeside Eidfjord ungdomsråd på facebook Hardanger ungdomsråd på facebook Publisert 18.01.2019 13.32