Songar til 17. mai

Ja, vi elsker dette landet

Ja, vi elsker dette landet
som det stiger frem,
furet, værbitt over vannet,
med de tusen hjem.
Elsker, elsker det og tenker
på vår far og mor,
og den saganatt som senker
drømmer på vår jord.

Norske mann i hus og hytte,
takk din store Gud!
Landet ville han beskytte,
skjønt det mørkt så ut.
Alt hva fedrene har kjempet,
mødrene har grett,
har den Herre stille lempet,
så vi vant vår rett.

Ja, vi elsker dette landet,
som det stiger frem,
furet, værbitt over vannet,
med de tusen hjem.
Og som fedres kamp har hevet
det av nød til seir,
også vi, når det blir krevet,
for dets fred slår leir.
 

Eidfjordsongen

Me fekk vår heimstad millom fjell
med bratte li og strender,
men over voll og bakkehell
der lyser vene grender.
Og røys ved røys og stein på stein
der våre fedrar budde,
er bauta over ærleg svein
som ein gong plassen rudde.

Den plassen gjev me all vår trygd,
ein lovnad til dei farne,
som gav i arv vår kjære bygd
og elsk til heimleg arne.
Dei gav oss tru på eigi jord,
og gleda attum plogen,
og lærde oss dei rette ord
når sæden den er mogen.

Og fjellet dreg ved jonsoktid,
dit vil me gjerne fara,
då lyder song frå bjørkelid
og Vøringsfossen svarar.
Når vatni speglar himlen blå
då kjem det kveik i guten,
og sæle meg som det fekk sjå
i sol frå Jenglinuten.

Er lidi bratt og dalen trong
og garden tung å vinna,
me vigslar strevet med vår song
i kjærleik mann og kvinna.
Når soli stig bak høge nut
og endt er trøyttsam yrkja,
me gløymer strev og dagsens sut
på vegen til vår kyrkja.

Og kyrkja stend på heilag grunn
og signar trøytte fedrar,
som kvila fann i stille slund,
dei vil me alltid heidra.
Me heidra vil vår far og mor
i tru med sterke hender,
og byggja fram frå fjell til fjord
dei gamle Eidfjord-grender.