Retningsliner Eidfjord kulturskule

Vedtekne av Eidfjord kommunestyre den 16/6-2008, sak 42/08 

Mål

Eidfjord kulturskule er ein lovpålagd skule etter § 13-6 i Opplæringslova. Eidfjord kulturskule skal vera ein stad der..: 

  • ..innbyggjarane skal kunne utvikla sansar og skapande evner ut frå eigne føresetnader 
  • ..tilboda er forankra i lokal kultur, men er opne for nye impulsar 
  • ..kvalitetstilbod vert gjevne til ulike aldersgrupper gjennom samarbeid på tvers av 
  • ..fagområde, organisasjonsliv, profesjonelle kunstnarar, institusjonar og kommunegrenser

Administrasjon

Eidfjord kulturskule er organisert saman med Lægreid skule og utgjer ei administrativ eining. 

Elevar

Alle innbyggjarane i Eidfjord kan søkja om plass i kulturskulen. Søknaden skal vera skriftleg 

på fastsett skjema. Dersom der er for få timar, skal det prioriterast slik: 

  1. Skulebarn 
  2. Førskulebarn 
  3. Pensjonistar 
  4. Andre 

Lærarane

Lærarane i kulturskulen vert tilsette av det organ som til ei kvar tid har fullmakt til slik tilsetjing. Lærarane skal lønast i samsvar med gjeldande regulativ og tariffavtalar for kulturskulen. 

Undervisninga

Undervisninga i kulturskulen følgjer skuleåret, i alt 37 undervisningsveker for elevane. Kvar elev får ein undervisningstime i veka, enten enkeltime eller i gruppe. Enkeltime er 30 minutt og gruppetime er 45 minutt. Førskulebarn kan få tilbod om kulturskuleaktivitetar gjennom barnehagen, når det høver. Elevar frå og med 1. klasse kan søkja om opptak i kulturskulen. 

Det bør haldast skulekonsertar og /eller andre framføringar kvart semester. 

Lån av intrument og anna utstyr

Kulturskulen set som vilkår at eleven kan skaffa seg øvingsinstrument eller anna nødvendig utstyr, men elevane bør ha høve til å låna slikt ei avgrensa tid i byrjinga. Dei som låner instrument/utstyr pliktar å erstatta tap eller skade. Det skal kvitterast for utlån. 

Betaling 

Eidfjord kommune har gratis kulturskuletilbod. 

Tildeling og oppseiing av plass

Kulturskulen har ikkje opptaksprøve. Rådmannen tek opp elevar etter søknad. Vedtaket kan ankast inn for Eidfjord formannskap som klagenemnd. Plassane i kulturskulen bør vera tildelte før skulen tek sommarferie. Kulturskulen tek atterhald for at lærar kan skaffast. Tildelt elevplass i kulturskulen gjeld fram til den vert sagt opp skriftleg. Oppseiing må skje innan 2 månader før nytt semester. 

Endring

Retningsliner for Eidfjord kulturskule kan endrast av formannskapet.