Nils Bergslien

Galleri N.Bergslien er bygd for å husa kunsten til Nils Bergslien (1853 - 1928). Nils Bergslien levde sitt vaksne liv i Eidfjord der han slo seg ned og stifta familie. 

Om Nils Bergslien 

Målaren, teiknaren og bilethoggaren Nils Bergslien vart fødd på Voss den 26. februar 1853. Han var brorson til målaren Knut Bergslien og bilethoggaren Brynjulf Bergslien. Den kunstnariske utdanninga si fekk han ved målarskulen til Knut Bergslien og Morten Müller i Christiania frå 1871, og hjå landskapsmålaren Otto Seitz i München frå 1876 -79. I 1887 flytta han til Eidfjord, der han busette seg og gifta seg med Johanna Myklatun.

Som kunstmålar er Bergslien kjend både for skildringane sine av folkelivet, for portretta sine og for landskapsbileta sine. Bergslien er i alle høgste grad ein nasjonalromantisk kunstnar. Han henta inspirasjon både frå segner, eventyr og Noregshistoria. Han var særleg inspirert av Hardangervidda og det vestnorske fjellandskapet, som han ofte gav att som storslegne panorama.

Nils Bergslien uttrykte seg òg som bilethoggar. Han laga byster, medaljongar og relieff. Hovudverket til Bergslien er minnesmerket over Spelemann Ola Mossafinn på Voss. Bergslien spela sjølv fele, og hadde lært seg mange tradisjonelle folketonar gjennom oppveksten.

Nissar, munkar og turistar

Bergslien si framstilling av turistar hedde ein karikert tone som turistane sjølve tykte var fornøyeleg, og som appellerte til dei. Dette medførte at Bergslien fekk mange målaroppdrag.

Det humoristiske er til stades i dei mange bileta hans av norske nissar, og andre figurar frå den norske folketrua. Gjennom desse bileta skapte Bergslien ein biletsjanger som sidan har hatt ei spesiell tilknyting til reiselivsbransjen. Desse bileta har òg vore med på å stadfesta nordmenn sine forestellingar om nissen.

Bilete med motiv frå mellomeuropeisk klosterliv var òg populære. Bergslien fekk fram humoren sin gjennom den noko skjemtete måten han fremstilte munkane på. Dei vart fremstilte som tjukke, og med eit godt auge til både mat og drikke. Dette var ein særmerkt type bilete som Bergslien hadde med seg heim etter studieopphaldet i Austerrike og München.

Nils Bergslien vil alltid verta assosiert med landskapet, folkelivet, folketrua og reiselivet i Hardanger. Dette gjev han ein plass mellom nasjonalromantikarane i norsk kunsthistorie, og som ein av pionerane i utviklinga av norsk turisme.