Smittevernreglar for arrangement i kommunale bygg

Eidfjord kommune held seg til nasjonale føringar for smittevern.

Kva meinar me med offentleg stad?

  • Stad bestemt for allminneleg ferdsel
  • Lokal og utandørsarealer som vert leigd eller lånt ut, inkludert hotell, grendahus, forsamlingshus, konferansesalar og hallar.

Krav til gjennomføring

  • Avstand og antal personar følgjer nasjonale føringar
  • Sjuke skal ikkje vera til stades på arrangementet
  • Arrangøren skal syta for at det er mogeleg å halde god hygiene
  • Arrangøren skal ha oversikt over kven som er til stades, for å kunne hjelpa kommunen ved ein eventuell smitteoppsporing seinare. Dei som er til stades skal informerast om at dei vert registrerte. Lista skal innehalda namn og kontaktopplysingar til alle deltakarane. Lista skal lagrast på ein forsvarleg måte, og kan slettast etter 10 dagar
  • Dei som gjennomfører arrangement skal følgja relevante standardar for smittevern.

Les meir på Helsenorge - Råd til feiringer, sammenkomster og arrangementer