Galleri N. Bergslien

Bergslien top
Bergslien top

Hausten 2001 opna Galleri N.Bergslien. Galleriet inneheld samlinga etter kunstmålar Nils Bergslien (1853-1928), og har også eit rom for skiftande utstillingar.

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 22.03.2012

Galleriet ligg i tilknytning til Quality Hotel & Resort Vøringfoss. Både målerisamlinga og galleriet er eigd av Eidfjord kommune.

Kontakttelefon: 53 67 35 92.

Opningstider Galleri N.B. 2018
Opningstider Galleri N.B. 2018
DagTidMerknad
Laurdag og sundag12:00 - 16:002. april - 15. juni
Kvar dag12:00 - 18:0016. juni - 31. august
Laurdag og sundag12:00 - 16:001. september - 7. oktober
Cruiseskip12:00 - 16:0002/04-15/06 + 01/09-23/10
Publisert 12.07.2018

Eidfjord kommune sitt kunstnarstipend har vore delt ut sidan 2004. I år var det 10 søkjarar og blandt desse vart juryen einige om å tildela stipendet til biletkunstnar Gunnveig Nerol frå Hol. I begrunninga frå juryen står det: Biletkunstnar Gunnveig Nerol er ein svært produktiv kunstnar i fleire teknikkar og materiale med sterke fargar og abstrakte komposisjonar. Ho har utført ei rekkje utsmykkingar i offentlege bygg mellom anna glassmåleri i Skjold kyrkje i Bergen. 
Kunstnarstipendet består av eit stipend på kr. 40.000,- samt tilbod om opphald i Bergsliskorane kunstnarbustad og utstilling i Galleri N.Bergslien. Du kan lese meir om Nerol her

 

Publisert 16.03.2018
prosessbilde.jpg

 

12. juli kl. 18:00 opnar utstilling med Petra Rahm. Rahm mottok Eidfjord kommune sitt kusntnarstipend for 2018. Rahm har arbeida tett på innbyggjarane i Eidfjord med å byggja opp denne utstillinga. Prosjektet hennar tar utgangspunkt i personlege forteljingar om Eidfjord og omegn. Opningstale vert ved Randi Bårtvedt, direktør ved Hardanger og Voss museum, musikalsk innslag ved Håvard Sæbø. Du kan lesa meir om Petra Rahm her.

Publisert 16.03.2018

06. april kl. 18:00 opnar utstillinga "Fjord og Fjell" med 4 kunstnarar frå Kunstvandring på Voss. Kunstnararne Eli Wenche Lund-Johansen, Gjermund Valland, Åshild Haugsbø og Grete Andersen er representert med bilete med motiv frå fjord til fjell i ulike materiale og teknikkar. Du kan lesa meir om kunstvandring på Voss her

Publisert 24.11.2016

Galleriet opna 21. september 2001 og har sidan den gong hatt mange og varierte utstillingar. Galleriet held ope frå rundt påske til fyrste helga i oktober, denne perioden er delt inn  i lav og høgsesong. Nedanfor finn du ei oversikt over tidlegare utstillingar i galleriet.  

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering