Kino

Velkomen til kinoen vår med digital lyd, god komfort og med 81 sitjeplassar. Kinoen finn du i kultursalen i Quality Hotel Vøringfoss. All filmomtale på desse sidene er henta frå www.filmweb.no.

Filmar

 

Bilettprisar på Eidfjord kino frå 1. januar 2017

  • Vaksne kr 105,-
  • Born/ungdom kr 85,-
  • 3-D- briller kr 90,- . Alle må kjøpa 3-D briller når filmformatet er i 3-D. Brillene kan sjølvsagt brukast om igjen!

Andre rutinar:

  • Kinoen har 81 plassar.
  • Normalt tek billettsalet til 20 min før filmen startar.
  • Utedøra vert låst når filmen startar.
  • Ved bråk og uro i salen vert filmen stansa.
  • Me oppmodar føresette om å følgja barn på kino.
  • Me ønskjer å gje publikum ei best mogeleg filmoppleving ved å syna aktuell film i hyggjelege omgjevnader.

Aldersgrense på kino

  • TA, tillate for alle.
  • 7 år, tilgjenge frå fylte 7 år, og frå fylte 4 år i fylgje med føresett.
  • 11 år, tilgjenge frå fylte 11 år, og frå fylte 8 år i følgje med føresett.
  • 15 år, tilgjenge frå fylte 15 år, og frå fylte 12 år i følgje med føresett.
  • 18 år, tilgjenge frå fylte 18 år. (Absolutt nedre grense)

Det er viktig å merka seg at det å ta med barn under aldersgrensene, er ei overprøving av aldersgrensa som er føresette sitt ansvar. Aldersgrensene er ofte eit uttrykk for at filmen inneheld scener som kan verka skremmande. Aldersgrensene er såleis eit uttrykk for vern og ikkje om barn forstår handlinga.


Statens Filmtilsyn fastset sensuren for dei ulike filmane. Du finn meir om temaet på Statens Filmtilsyn sine internettsider.

Sist endra 02.01.2017
Fann du det du leita etter?
Teneste (1)
 
Login for redigering