Kunstnarhusvære i Berlin

Hardangerrådet IKS er på vegne av Hardangerkommunane ansvarleg for ordninga og er den formelle avtaleparten med husleigar i Berlin. Hardangerrådet administrerer prosjektet etter hardangerlokk.

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 10.08.2012
Kunstnarhusvære i Berlin | Fotograf: H. Sperre
Kunstnarhusværet i Berlin fotograf H. Sperre

Kriterier for opphald
  1. Opphald kan søkjast av profesjonelle kunstnere i Hardanger eller med tilknyting til Hardanger innenfor alle fagfelt, men ulike faggrupper kan bli prioritert år for år.
  2. Søknad om opphald vert lyst ut om hausten for opphald påfølgjande år.
    Som retningsgjevande regel vert det høve til eit opphald på inntil 3 måneder pr. kunstnar. Det bør vera ei fleksibilitet i ordninga når det gjeld lengde for opphaldet.
    Det kan og søkjast om lengre opphald i dei tilfelle der opphald er knytt til spesielle kontaktar med institusjonar og liknande.
  3. Følgjande skal vektleggjast i handsaming av søknadane:
    • Kvalitet og framdrift på søkjaren sitt kunstnariske arbeid fram til tidspunktet for søknad.
    • Søkjaren sitt kunstnariske potensiale for vidare utvikling.
    • Plan for opphaldet. Vis eventuelt til kontaktar med institusjonar, nettverk etc.
  4. Søknadane vert vurderte av administrasjonen og tildeling vert gjort av den gruppa som til ei kvar tid har fullmakta. Vurderinga skal skje i dialog med relevante kunstfaglige miljøer.
  5. Ordninga skal årleg rapporterast til Hardangerrådet.
Husreglar

  • Tildelt opphald er gratis for kunstarane inkludert oppvarming, straum, kabelnett og breiband.

  • Leigarar forpliktar seg til å følgja reglane i avtalen mellom Huseigar og Hardangerrådet.

  • Husværet er enkelt møblert og skal forlatast i den stand det vart ved innflytting. Eventuell skade må erstattast.

  • Hardangerrådet har avtale med ein kontaktperson i Berlin for tilsyn og praktiske råd.

Stipendordning

Gjennom den som administrerer ordninga for Hardangerrådet vil kunstarar som får tildelt opphald få eit stipend på 2000 kr pr månad knytt til opphaldstida.

 
Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering