Spelemidlar til ordinære anlegg

Eidfjord kommune har laga eit regelverk ved søknad om spelemidlar til ordinære anlegg. Dette regelverket er basert på vegleiaren frå Kulturdepartementet "Føresegner om tilskot til anlegg og fysisk aktivitet".

  1. Anlegget må vera prioritert i kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet. .
  2. Søkjar pliktar å setja seg inn i "Føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. www.idrettsanlegg.no
  3. Søkjar legg inn alle vedlegg og fyller inn søknadskjema på www.idrettsanlegg.no, ved fornya søknad kan ein måtta henvenda seg til kommunen for referanse nummer. Frist for å leggja inn søknad med alle vedlegg er 1. oktober.
  4. Ansvarleg for spelemidlar i Eidfjord kommune går over tala og vedlegga i saksbehandlarløysinga innan 1. november. Ved manglar må søkjar rette opp feil innan 1. desember.
  5. Kommunen godkjenner vedlegg og sender søknaden inn med fylgjebrev og prioriteringsliste innan 15. januar. 
  6. Fristane gjeld og ved fornya søknad.

Søkjar kan be om hjelp frå ansvarleg for spelemidlar i kommunen, men søkjar skal sjølv fylle inn søknadskjema.

 

Mindre kostnadskrevjande anlegg har andre reglar og kan søkjast om heile året.

 

Brukarvegleiing til søknadskjema og "Føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet" finn du på www.idrettsanlegg.no

 

Publisert av Bergljot Maria Veivåg. Sist endra 21.08.2014
Fann du det du leita etter?
Teneste (1)
 
Login for redigering