Tilskotsordningar kultur


Sist endra 26.09.2016

Kulturprisen

Kulturprisen for Eidfjord kommune skal lysast ut annankvart år med svarfrist innan 1. april, og det er Formannskapet som tildeler prisen. Prisen treng ikkje delast ut kvar gong.

Kulturprisen skal gå til ein person, grupper eller frivillige lag som har gjort seg fortent til prisen gjennom stor frivillig innsats for kulturlivet i Eidfjord.

Forslag til kulturprismottakar skal vera skriftleg, grunngjeve og signert avsendar. Avsendar og føreslegne kandidatar er ikkje offentleg. Endeleg vedtak er offentleg.

Framlegg til kulturprismottakar, sendast til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord, eller på e-post til postmottak@eidfjord.kommune.no

 

Tilskot til kulturarbeid

Eidfjord kommune gir tilskot til kulturarbeid etter eigne retningsliner. Frivillige organinsasjonar og personar kan søkja om tilskot til:

  • drift av organisasjonar

  • nystarta organisasjonar

  • drift av private grendahus

  • investering private grendahus

  • kulturarrangement som er opne for ålmenta

  • organisasjonar utanom kommunen med medlemmar frå kommunen
     

Frivillige lag og organisasjonar, som skal arrangera festivalar eller større arrangement i Eidfjord kommune, kan søkja om økonomisk tilskot, lån/leige av bygningar og anlegg, praktisk hjelp og lån/leige av utstyr.


Søknadsfrist vert annonsert i årleg utlysing.

Tilskot til kulturarbeid - retningsliner (PDF, 303 kB)

Tilskot til kulturarbeid - søknadsskjema



Kunstnarstipend

Stipendet kan søkjast av kunstnarar og kunsthandverkarar som fyller krav til opptak i ein kunstnarorganisasjon i Noreg eller i tilsvarande utanlandsk organisasjon.

Stipendet er knytt til arbeid i kommunen i tildelingsåret. Kommunen stiller til rådvelde bustad og atelier i heimen etter kunstmålar Nils Bergslien (1853-1928). Heimen ligg praktfullt til ved Eidfjorden. Dramatisk fjordlandskap og Hardangervidda like ved karakteriserer denne delen av Hardanger. Utstillingsplass kan disponerast i Galleri N. Bergslien.

Søknadsfrist vert annonsert i årleg utlysing.

Retningsliner - kunstnarstipend (PDF, 14 kB)

Tidlegare tildelingar av kunstnarstipend


Utviklingsstipend

Eidfjord kommune tildeler utviklingsstipend til innbyggjarar i kommunen som lekk i kunstnerisk utdanning på høgskulenivå, eller for idrettsutøvar som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar innan sin idrett.

Stipendet kan tildelast søkjaren i 1-3 år. Søknadsfrist vert annonsert i årleg utlysing.

Retningsliner - utviklingsstipend (PDF, 38 kB)

Fann du det du leita etter?
Teneste (1)
 
Login for redigering