Stønad til kompetanseheving, rettleiing og kurs

Stønad til kompetanseheving, rettleiing og kurs for etablerarar og næringdrivarar gjennom Næringshagen i Hardanger

Stønad til kompetanseheving, rettleiing og kurs for etablerarar og næringdrivande gjennom Næringshagen i Hardanger

Formål

Rettleiing og kompetanseheving  for grundere, etablerer og næringsdrivande for å utvikle berekraftige, levedyktige og konkurransedyktige bedrifter i Eidfjord.

Rettleiinga skal ta utgangspunkt i den enkelte etablerer/næringsdrivande sine forutsetningar og behov. Bedrifta skal få rettleiing til å sjølv tileigne seg den naudsynte kompetansen for å verta ein berekraftig, levedyktig og konkurransedyktig bedrift.

Næringshagen har tilgang til erfaringar i eit stort nettverk i verkemiddelapparatet samt til Noregs største finansieringsportal. Her kan og nemnast; Næringshagane i Norge med 4-5000 medlemmar, forsking- og utviklings institusjonar og katapultsystemet. Ved behov vil etablerer/næringsdrivane få tilgang til kompetanse frå aktuelle verkemiddelapparat.

Arbeidsmøte skal hovudsakeleg skje i Eidfjord (utanom evt. deltaking på Grunderakademiet som leggjast ulike stader i Hardanger).

Tenesteskildring

Rettleiinga inneber informasjon og rådgjeving rundt leiing, organisering og planlegging av aktivitetar for eigen verksemd.

Rettleiinga skal ha kundefokus og kan innehelde ulike fagområder t.d forretningsidé, kommunikasjon gjennom marknadsføring, medierådgjeving, økonomi, budsjettering/finansiering mm.

Omfang

Inntil 20 timer konsulentrettleiing og tre timar rettleiing ved rekneskapsbyrå. Dersom etablerar/næringsdrivar har trong utover dette timetallet må dette avklarast med Eidfjord kommune gjennom ny søknad.

Søknadprosess

  • Etablerer/næringsdrivar må søkje Eidfjord kommune om stønad til  kompetanseheving.
  • Etter positivt vedtak i Eidfjord kommune tar etablerar/ næringsdrivande kontakt med Næringshagen i Hardanger og avtalar møte. Vedtaket frå Eidfjord kommune må fremvisast som dokumentasjon på rett til rettleiing.
  • Etablerar/næringsdrivar kan søkja Eidfjord kommune om tilskot til kurs i regi av Næringshagen i Hardanger. Tilskot vert utbetalt ved framlegg av kursbevis.

Kontakt

Linda Præstiin
Næringsrådgjevar
E-post
Mobil 40 00 71 45
Lisbeth Bygstad Celik
Einingsleiar
E-post
Telefon 53 67 53 94
Mobil 97 63 39 56