Stønad til kompteanseheving, rettleiing og kurs

Stønad til kompteanseheving, rettleiing og kurs

Stønad til kompteanseheving, rettleiing og kurs for etablerarar og næringdrivarar gjennom Næringshagen i Hardanger

Formål

Rettleiing og kompetanseheving  for grundarar, etablerarar og næringsdrivande for å utvikla berekraftige, levedyktige og konkurransedyktige verksemder i Eidfjord.

Rettleiinga skal ta utgangspunkt i den enkelte etablerar/næringsdrivande sine forutsetningar og behov. Verksemda skal få rettleiing til å sjølv tileigne seg den naudsynte kompetansen for å verta ei berekraftig, levedyktig og konkurransedyktig verksemd.

Næringshagen har tilgang til erfaringar i eit stort nettverk i verkemiddelapparatet samt til Noregs største finansieringsportal. Her kan og nemnast; Næringshagene i Norge med 4-5000 medlemmar, forsking- og utviklings institusjonar og katapultsystemet. Ved behov vil etablerar/næringsdrivande få tilgang til kompetanse frå aktuelle verkemiddelapparat.

Arbeidsmøte skal hovudsakeleg skje i Eidfjord (utanom evt. deltaking på GrunderAkademiet som vert lagt ulike stader i Hardanger).

Tenesteskildring

Rettleiinga inneber informasjon og rådgjeving rundt leiing, organisering og planlegging av aktivitetar for eige verksemd. 

Rettleiinga skal ha kundefokus og kan innehalda ulike fagområder t.d forretningsidé, kommunikasjon gjennom marknadsføring, medierådgjeving, økonomi, budsjettering/finansiering mm.

Omfang

Inn til 20 timer konsulentrettleiing og tre timar rettleiing med rekneskapsbyrå. Dersom etablerar/næringsdrivar har behov utover dette timetallet må dette avklarast med Eidfjord kommune gjennom ny søknad. 

Søknadprosess

  1. Etablerar/næringsdrivar må søkja Eidfjord kommune om stønad til kompetanseheving 
  2. Etter positivt vedtak i Eidfjord kommune tek etablerar/næringsdrivande kontakt med Næringshagen i Hardanger og avtalar møte. Vedtaket frå Eidfjord kommune må visast fram som dokumentasjon på rett til rettleiing.
  3. Etablerar/næringsdrivar kan søkja Eidfjord kommune om tilskot til kurs i regi av Næringshagen i Hardanger. Tilskot vert utbetalt ved framlegging av kursbevis.