Etablerersenteret

Etablerarkurs, rettleiing, rådgjeving og nettverkstreff for gründarar, entreprenørar og oppstartsverksemder. Kurs på norsk og engelsk.

 

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 12.10.2017

Etablerersenteret

 

Tenestene frå Etablerersenteret vart vidareført til Hordaland fylkeskommune 1. desember 2016, då Business Region Bergen (BRB) vart lagt ned.
 


Kurstilbod 

Etablerersenteret sine kurs gjev deg den kunnskapen du treng for å starta di eiga verksemd. Du kan velja kurspakker som inneheld fleire kurs til redusert pris, eller enkeltkurs.
 

ABC Etablering

Kurspakka ABC Etablering gjev deg den aller beste starten for deg og di verksemd, og nødvendig påfyll for deg som alt har starta ega verksemd. ABC Etablering inneheld kursa 1-2-3 Etablering, Etablererkurs og Økonomikurs. Kurspakka koster kr. 1300,- per deltakar.
 

1-2-3 Etablering 

3 timars kurs om etablering av verksemd. Her lærer du om det formelle som må på plass for å starta eiga verksemd; til dømes val av selskapsform, risiko, skatt, moms, registrering, krav og liknande.

Pris: Kr. 300,- per deltakar.
 

Etablerarkurs

To heile dagar med kurs. 

  • Dag 1 på kurset går djupare inn i forretningsplanen og arbeid med forretningsideen, og forretningsmodellering
  • Dag 2 arbeidar du med økonomi og skatt. Det vert øvd på korleis du bør presentere forretningsideen din med ein "elevator pitch".

Pris kr. 800,- per deltakar.
 

Økonomikurs

Heildagskurs om økonomi. I kurset vil deltakarane kunne spela seg fram til økonomiforståing gjennom Økonomi Illustrator®. Deltakarane vert satt i grupper og arbeid saman om eit gitt case. Gruppa fungerer som eit styre for verksemda, som dei følgjer over ein periode på fire år. Saman må dei ta tøffe strategival og avgjersler om verksemda sin økonomi og framtid - skal dei investera i nytt produksjonsutstyr? Betale ned lån og liknande?

I tillegg lærer deltakarane om korleis setja opp eit resultatrekneskap og balanse, og korleis rekna ut nøkkeltal. Kurset er svært nyttig, og me ser at deltakarane frå dette kurset tek med seg kunnskapen over i eiga grunderverksemd, og at det går opp nokre lys her.

Pris kr. 700,- per deltakar. Du kan som alternativ delta på alle dei tre kursa over gjennom kurspakka ABC Etablering, som koster kr. 1300 per deltakar.
 

Kurs på engelsk

  • 1-2-3 Start Up (engelsk versjon av 1-2-3 Etablering)
  • Financial Illustrator (engelsk versjon av Økonomikurset)
  • Business Factory - spesiallagd kursserie for gründerar med internasjonal bakgrunn. Kursserien består av seks modular/ heildagskurs, der deltakarane lærer om etablering, forretningsmodell, marknadsføring, sal, økonomi, kulturforståing og nerttverksbygging.

     

Rettleiing/ rådgjeving

Rådgjeving vert gjeve individuelt av Etablerersenteret sine forretningsutviklarar. Dette er ei gratis teneste for etablerarar som har delteke på Etablerersenteret sine kurs.
 

Nettverkstreff 

Nettverkstreff vert arrangert månadleg på norsk (Treffpunkt), og fire gonger i året på engelsk (Link Up @ The Library).
Alle kan delta på kurstilboda til Etablerersenteret uavhengig bransje og status for bedrifta.

 

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering