Næringspris Eidfjord kommune

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 24.08.2016

1. Føremål

Eidfjord kommunestyre vedtaksførte 170907 å innføra ein eigen næringspris i kommunen.
Prisen skal omfatta både initiativ, nyskaping og vidareutvikling av næringslivet- og miljøet
som gjev varige verdiar for lokalsamfunnet. Verksemder som aukar sysselsetjinga skal ha høg
prioritet.

 

2. Omfang

Næringsprisen kan gjevast til både verksemder og einskildpersonar som har
forretningsadresse i Eidfjord. Personen / personane som mottek prisen skal bu / vera
folkeregistrert i Eidfjord. Lag- og organisasjonar er utelukka frå å få prisen.

 

3. Kriteriar

Det er ikkje nedre eller øvre aldersgrense for prismottakarane. Følgjande kriteriar skal vektleggjast:

  • Miljøsatsing- og aktivitet / næringsutvikling som medfører positive ringverknader
  • Verksemder som skil seg ut med særleg god servicehaldning ovafor brukarane
  • Nytenkjing i både eksisterande- og nye verksemder
  • Verksemder som marknadsfører meir enn si eiga verksemd
  • Verksemder med særleg ungdomssatsing
  • Satsing som medfører marknadføring / profilering av Eidfjord
  • Andre kriteriar : Kvalitet / likestilling / indre- og ytre miljø
     

Næringsprisen

Næringsprisen skal vera ei pengegåve på kr. 100.000 og pengane skal brukast i
verksemda.Prisvinnar vil og motta eit diplom. Prisen vert utdelt i eigna arrangement 17.mai.
Eidfjord kommune vil oppmoda om at de sender inn forslag på prismottakarar. Forslaget skal
vera skriftleg, grunngjeve og signert av avsendar. Avsendar og føreslegne kandidatar skal
ikkje vera offentleg.

 

NB ! Frist for å koma med forslag er sett til 1. april d.å.
 

Forslag på prismottakarar vert å senda:
Eidfjord kommune
Tenestetorget
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord 

Fann du det du leita etter?
Artikkel (1)
 
Login for redigering