Retningslinjer for næringsstøtte

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 18.10.2017
  1. Bakgrunn
  2. Tilhøve til andre støtteordningar
  3. Generell informasjon
  4. Støtteordningar
  5. Kontroll - rutinar - utbetaling
  6. Søknad om støtte
  7. Tiltak som normalt ikkje får støtte

 

1. Bakgrunn

Retningslinjene gjeld alle typar næringsutvikling i Eidfjord kommune.
Kommunen kan i særlege høve gje støtte innafor etablerte støtteordningar til verksemder/prosjekt som ikkje naturleg fell inn under nemnde ordningar.
 
Der det er sett opp enten beløpsgrenser eller % av kostnader, så er dette rettleiande satsar. Kommunen kan gje støtte ut over desse satsane i særlege tilhøve.
 
Overordna mål for næringsutvikling i Eidfjord kommune er å leggja til rette  for nyetablering av varige heilårsarbeidsplassar, samt styrkja eksisterande næringsliv. Hovudfokus er på etablering av verksemder som har næringsinntekter innan 6 månader etter etablering.

Næringsutviklinga skal innebera støtteordning i form av tilskot samt rådgjeving. I spesielle
høve kan lån vurderast som del av risikofinansiering.
 
I tillegg skal kommunen arbeida for å leggja til rette for lokalitetar og annan infrastruktur som er viktig for etablering av verksemd i kommunen. 
 
Eidfjord kommune skal på ein profesjonell og positiv måte møta næringsdrivande som ynskjer samtale og rådgjeving.
 

2. Tilhøve til andre støtteordningar

Utgangspunktet for kommunen sitt næringsarbeid er å arbeida aktivt for maksimal medfinansiering frå andre offentlige og/eller private finansieringskjelder for prosjekt og verksemder i Eidfjord.
 
Næringsarbeidet i Eidfjord kommune må vera i samsvar med dei internasjonale regelverk Noreg har slutta seg til på statsstøtteområdet. 
Saker som gjeld støtte til private verksemder er innafor ordninga «bagatellmessig støtte» i EØS- regelverket. Det betyr i praksis at ei verksemd ikkje kan få tilskot eller andre økonomiske subsidiar/støtte frå det offentlege ut over reglane i EØS regelverket. (Pr. februar 2015 er beløpet EUR 200.000 over ein periode på tre år).
 

3. Generell informasjon

Eidfjord kommune har lagt til grunn fylgjande haldningar til kva for støtte kommunen kan yta, og i kva type saker.
  1. Nyinvesteringar og satsing for å auka aktivitet i eksisterande verksemder vil ha høg prioritet. Viktig faktor er at satsinga kjem som følgje av behov for teknologisk utvikling, og/eller auke i langsiktige arbeidsplasser. 
  2. Finansiering av nybygg vil ha høgare prioritet enn kjøp/overtaking av bygg, eller vanleg vedlikehald av eksisterande bygg. Det må vera forutsetningar om betydeleg oppgradering/utviding av eksisterande bygg for at Eidfjord kommune skal vera med å finansiera anna enn nybygg.
  3. Vekstpotensiale er ein vesentleg vurderingsfaktor ved alle typar støtteordningar. Verksemder som dokumenterer større vekstpotensiale har høgare prioritet. 
  4. Konkurranseforhold internt i kommunen vil og vera ein viktig vurderingsfaktor ved vurdering av søknader om støtte.
  5. Støtte til opplæring og etterutdanning vil vera avhengig av at bedrifta vert tilført
    kompetanse som kan vera ein knapp eller manglande ressurs, og som styrkjer
    konkurransekrafta til bedrifta. Støtte kan maksimalt vera 50% av dokumenterte kostnader.
  6. Det kan i spesielle tilhøve vera aktuelt å delta i regionale prosjekt for å utvikla arbeidsmarknaden. Dette sjølv om arbeidsplassane ikkje direkte vert plassert i kommunen, men likevel vil ha ein positiv effekt på folketalet.
  7. Løpande utskiftingar av utstyr/maskiner/kjøretøy i ei verksemd som er i drift er ikkje prioritert.
 

4. Støtteordningar

4.1 Lån

I særlege tilfelle kan lån gjevast, dersom dette kan bidra nye og langsiktige arbeidsplassar i kommunen. Betingelsar vert vurdert i kvart enkelt tilfelle.
 
Vanleg praksis ved lån til næringstiltak er inntil 30% av totalkostnaden. 
 
Det vert gjeve lån med inntil 10 år løpetid, der 3 år er rente- og avdragsfri periode. Etter 3 år skal det betalast renter og avdrag. Rentesats er tilsvarande Innovasjon Norge si rente for Innovasjonslan.
 
Lån vil vanlegvis vera sikra med pant, og då evt. med prioritet etter annan finansiering.
 

4.2 Tilskot

Nyetablering (driftskostnader):

Tilskot vert gjeve til delfinansiering ved oppstart av verksemder. 
Dette tilskotet kan nyttast til etableringskostnader, marknadsføring, opplæring, produktutvikling og andre driftsrelaterte startkostnader.
Starttilskot kan maksimalt vera 50% av totale startkostnader.
 

Nyetablering (investeringar):

Ein kan søkje tilskot til nybygg.  Det vert ikkje gjeve tilskot til kjøp av eksisterande bygg.
Det kan søkjast tilskot til maskiner og utstyr knytt til etablering av ny verksemd.
 

Ombygging av næringsbygg:

Det kan søkjast tilskot til ombygging av eksisterande næringsbygg.
Forutsetningen er at ombygginga medfører ny aktivitet og/eller fleire arbeidsplassar som
fylgje av ombygginga.
 

Etablerarstøtte:

Det kan søkjast støtte til deltaking på etablerarskule. I hovudsak gjeld dette støtte til deltaking på interkommunale tilbod.  
 
I tillegg vil kommunen tilby rådgjeving der dette er tenleg. 
 
Forutsetningar for dekking av deler av rådgjevingskostnaden er at tiltaket medfører etablering av ny type verksemd, og at det er sannsynleg at etableringa vil medføra langsiktige heilårsarbeidsplasser.

 

Annan informasjon knytt til etablering:

Tilskot vert i hovudsak gjeve som delfinansiering, og som tillegg til annan finansiering/eigenfinansiering. 
Ein kan inkludera inntil 200 timar med eige arbeid a kr 300 som ein del av start- kostnaden. 
Antal timar vert her vurdert ut frå om dette er hovud- eller biaktivitet til søkjar.
 
Nivå på tilskot skal vurderast ut frå det forretningsmessige potensialet til satsinga. I dette ligg tilgang på heilårsarbeidsplassar som høg prioritet ved vurdering.
 
Kommunen skal aktivt arbeida for at det i regi av næringsorganisasjonar vert halde kompetansebyggjande seminar/kurs. 
 
Tiltak som er å rekna som reine driftsmessige tiltak vert normalt ikkje prioritert.
Det er i tillegg ein føresetnad for tilskot at tiltaket tilfører nye tilbod eller vekst i det samla næringstilbodet i kommunen.
 
Eigarskifte medfører normalt at tiltaket ikkje får tilskot. 
 
Det kan gjevast tilgang til kontorfasilitetar. Spesielt gjeld dette ved nyetablering der etablerar er tilflyttar til kommunen.
 

4.3 Infrastruktur

Areal, både tomteareal og kontor/lager/produksjonsfasiliteter.
Der Eidfjord kommune har tilgjengelege ressursar innafor kontor, verkstad- og lagerlokalitetar og evt annan type «infrastruktur», kan det søkjast om kort- og langsiktige leigeavtalar, ihht gjeldande reglar.
 
Andre ikkje-definerte typar av aktuelle utleigeobjekt vert vurdert og bestemt av kommunen.
 

5. Kontroll – rutinar – utbetaling

Kontroll:

Alle verksemder som har fått tildelt støtte, pliktar å rapportera tilbake til Eidfjord kommune. Rapportar skal innehalda informasjon som medfører at ein kan måla effekten av støtte. I tillegg skal det rapporterast rekneskapstall kvartalsvis. Rapporteringsplikta gjeld så lenge verksemda får støtte frå kommunen.
 
Dersom det vert kravd, skal det leggjast fram dokumentasjon frå verksemda, som er stadfesta av autorisert rekneskapsførar eller revisor, på at midlane er nytta ihht. tildelinga. Om verksemda ikkje har revisor og heller ikkje nyttar autorisert rekneskapsførar, skal det leggjast til rette for at Eidfjord kommune sin revisor kan kontrollera bruken av midlane.
 
Midlar som ved kontroll ikkje er nytta ihht. bevilgning kan krevjast tilbakebetalt.

 

Rutinar:

Når ei sak er ferdig handsama i kommunen, skriv administrasjonen eige brev med melding om vedtak til søkjar. 
Brevet inneheld opplysningar om utbetalingstidspunkt, klagefristar på vedtak og krav knytt til lån/tilskot.

 

Utbetaling:

Når alle avtalte formalitetar og evt underskrifter er på plass, kan utbetaling skje. Slike formalitetar kan vera fullstendige finansieringsplanar, forretningsplanar, låneavtalar, pantedokument osv.
 
Deretter gjeld fylgjande:
 

Utbetaling av tilskot:

Inntil 50% av tilskot kan utbetalast når prosjektet tek til. Deretter kan det betalast ut akonto beløp på oppnådd 60%/70%/80% etter dokumenterte kostnader.
Før siste 20% vert utbetalt  skal det leverast rekneskap som viser bruken av midlane samanlikna med søknaden. Rekneskapen skal stadfestast av autorisert rekneskapsførar eller revisor. 
 
Ved tilskot under kr. 50.000 kan rådmannen utbetale dette fullt ut ved oppstart av tiltaket.
Utbetaling av tilskot til opplæring og etterutdanning vert på bakgrunn av framvisning av
kursbevis eller eksamen.
 

Utbetaling av lån:

Lån sikra med pant kan utbetalast i sin heilheit når låneavtale er signert og pantedokument registrert.
Usikra lån vert utbetalt på bakgrunn av dokumenterte kostnader. 
 

6. Søknad om støtte

Søknad om støtte skal innehalda fylgjande dokumentasjon:

  1. Opplysningar om søkjar
  2. Forretningsplan for tiltaket med skildring av vesentlege moment
  3. Fullstendig investering- og finansieringsplan
  4. Revidert rekneskap for dei føregåande to åra ( gjeld etablerte verksemder.) Rekneskapet vert ikkje offentliggjort.
  5. Framdriftsplan

 

7. Tiltak som normalt ikkje får støtte

Det vert ikkje gjeve tilskot/lån til:

  1. Utskifting av driftsmiddel som ikkje medfører utvikling/omstilling
  2. Gjeldsanering
  3. Drift av verksemder
  4. Etablering ved generasjonsskifte/eigarskifte utan at denne også omfattar naudsynt investering for å kunne oppretthalda vidare drift
  5. Tiltak som ikkje har bakgrunn i eit samla driftsopplegg i verksemda
  6. Tiltak som alt er gjennomført
 
 
 
Fann du det du leita etter?
Artikkel (1)
 
Login for redigering