Før du kan gå i gang med planarbeidet, må planinitiativet leggjast fram for kommunen i eit oppstartsmøte.
Tinging av oppstartsmøte
Reguleringsplan
Private, tiltakshavarar, organisasjonar og andre myndigheiter har rett til å fremja forslag til detaljregulering. Dette gjeld også for utfyllande regulering, for konkrete byggje- og anleggstiltak og for arealendringar, jf. pbl. § 12-3 andre ledd
Planforslaget må utarbeidast av ein fagkunnig, og det er visse krav til utforming av planforslaget.
Plan- og bygningslova set klare krav til planprosessen, og er kort oppsummert i kulepunkta under:
-
Oppstartsmøte mellom tiltakshavar og kommunen er obligatorisk i starten av ein planprosess, jf. pbl. § 12-8 Oppstartsmøte skal gjennomførast innan rimeleg tid etter at kommunen har motteke forespurnad om dette frå forslagsstillar. Normalt vert det gjennomført innan 2 veker.
-
Dersom planinitiativet er i strid med overordna planar, må tiltakshavar gjera ei konsekvensutgreiing av avvika, jf. pbl. § 4-2 andre ledd
-
Innan 12 veker skal kommunen avgjera om planframlegget, med eventuelle alternativ, skal fremjast og leggjast ut på høyring/offentleg ettersyn. Om kommunen ikkje vil fremja forslaget, skal kommunen grunngje dette i brev til forslagsstillaren. Ein privat forslagsstillar kan ikkje klaga på eit slikt vedtak, men han kan kreva at kommunestyret vurderer spørsmålet, jf. pbl § 12-8 andre ledd
-
Om planforslaget kan fremjast, må de utarbeida eit planutkast som vert sendt på høyring/offentleg ettersyn. Planoppstart for reguleringsplan og eventuelt planprogram, skal varslast til grunneigarar, naboar og andre råka partar og offentlege organ. Planoppstart må også kunngjerast i lokalavisa og på kommunen si heimeside. Planprogram er aktuelt i planar som får vesentlege verknader på miljø og samfunn, jf. pbl. § 12-9 fyrste ledd
-
Uttalefrist i ordinær planprosess er minimum 6 veker, jf. pbl § 12-9 andre ledd. I saker som vert handsama etter forenkla reglar jf. pbl. § 12-14 andre ledd, er uttalefrist normalt 3 veker.
-
Etter høyring/offentleg ettersyn vert innkomne merknadar teke stilling til og eventuelt innarbeida i planen. Planframlegget skal sendast til kommunen, men det er ofte svært nyttig med eit møte mellom kommunen, tiltakshavar og plankonsulent før innsending.
-
Planforslaget vert lagd fram til slutthandsaming i kommunestyret. Saker etter pbl. § 12-14 andre ledd er delegert til planutvalet i kommunen.
-
Planinitiativet skal fylgja opp hovudtrekka og rammer i overordna planar.
-
Planinitiativet kan skje som ny reguleringsplan, eller som endring/utfylling av ein vedteken reguleringsplan.
-
Forslagstillar skal leggja til rette for medverknad for alle berørte interesser og myndigheiter.
-
For nokre reguleringsplanar vil det vera krav om ein særskilt konsekvensutgreiing. For dei tilfella skal det utarbeidast eige planprogram som skal på høyring og vedtas av kommunen før planforslaget vert utarbeida.
-
Risiko- og sårbarheitsanalyse skal utarbeidast for alle reguleringsplanar som gjeld utbygging.
Mindre endringar av ein plan
Mindre endringar av ein reguleringsplan kan i mange tilfeller handsamast etter forenkla reglar. Dette forutsett at endringane i liten grad vil påverka gjennomføringa av planen for øvrig, ikkje går utover hovudtrekka i planen, og heller ikkje røre ved omsynet til viktige natur- og friluftsområder.
Kva som ligg i at "endringane ikkje går utover hovudtrekka i planen", må vurderast konkret av kommunen i det enkelte tilfellet. Om det gjeld tiltak i strid med nasjonale eller viktige regionale interesser som gjev grunnlag for motsegn, vil det ikkje vera aktuelt å gjennomføra endringa etter den enklare prosessen. Om endringa får vesentlege konsekvenser for andre saker, er det ikkje aktuelt å handsama den utan ordinær prosess sidan endringa må sjåast i ein større samanheng.
Om endringa kan handsamast etter forenkla reglar vert i dei fleste tilfeller fastlagt i oppstartsmøtet.