§ 1 Føremål
Føremålet med desse reglane er å letta finansieringa ved bygging og kjøp av heilårsbustad i Eidfjord kommune.
§ 2 Tilskotsreglar
§ 2.1 Nybygg
For private som byggjer, eigen bustad/leilegheit kan det ytast eit lån som dekkjer inntil 100 % av eigenkapitalen, maksimalt kr 200.000,-, etter at grunnfinansiering er gjeven av andre.
§ 2.2 Kjøp av bustad
For private som kjøper eigen bustad/leilegheit kan det ytast eit lån som dekkje inntil 100 % av kjøpesummen, maksimalt kr 200.000,-. Dersom kjøparen tek over, eller tek opp andre pantelån, vert dette trekt i frå.
§ 3 Vilkår
For rett til lån etter § 2 gjeld følgjande vilkår:
- Søkjar må vera registrert i folkeregisteret som heimehøyrande i Eidfjord.
- Søkjar må vera i stand til å kunna betala renter og avdrag på lånet.
- Bustaden må nyttast som heilårsbustad for søkjaren og hans husstand.
- Bustaden må minst oppfylla husbanken/landbruksbanken sine krav for lån til heilårsbustad.
- Bustaden vert sikra med tilfredstillande pantetrygd.
§ 4 Rente- og avdragsvilkår
Kommunen fylgjer til ei kvar tid gjeldande regelverk i Husbanken. Utgangspunktet for betalingsplanen er ein avdragsfri periode på 5 år og deretter nedbetaling over 15 år, men den enkelte låntakar kan avtala ei anna nedbetalingsordning.
§ 5 Diverse
Rådmannen får fullmakt til å ta avgjerd i saker etter desse reglane. Vedtak skal leggjast fram for formannskapet som melding. Formannskapet er klageorgan (jfr. fvl § 28). Lånet kan utbetalast når: - Det ligg føre ferdigattest på nybygg, eller når skøyte på kjøpt bustad er tinglyst. - Lånedokumentet er tinglyst.
§ 6 Tidslengd
Reglane gjeld frå vedtaksdato 15.02.2010 og fram til den dato kommunestyret eventuelt gjer nytt vedtak.
§ 7 Finansiering
Utlån etter desse reglane vert finansiert over bustadfondet.