Reglar for tilskot til bygging av heilårsbustad

Søk om tilskot til bygging av heilårsbustad

§ 1. Føremål

Føremålet med desse reglane er å stimulere til auka bustadbygging i Eidfjord kommune.

§ 2 Tilskotsreglar

§ 2.1 Nybygg i kommunale felt

For private som bygger eigen bustad/leilegheit i kommunale bustadfelt vert det gjeve eit tilskot stort kr. 200.000,-.

Regelen etter § 2.1 gjeld tilsvarande for dei som kjøper ny bustad/leilegheit. Som nytt vert rekna nybygd husvære, som ikkje har vore i bruk som bustad tidlegare.

§ 2.2 Nybygg utanom kommunale bustadfelt

For private som bygger eigen bustad/leilegheit i Eidfjord kommune utanom kommunale bustadfelt, vert det gjeve eit tilskot stort kr. 250.000,-.

Nybygg i Holmane bustadfelt får ein reduksjon på kr 80.000,-.

§ 2.3 Hybelhusvære

For private som bygger heilårsbustad med hybelhusvære som eiga bueining, vert det gjeve eit tilskot stort kr. 50.000,-. Hybelhusværet skal minimum innehalda fylgjande; bad / stova/ kjøkken/ soverom, og må ha eigen inngang.

§ 3 Vilkår

For rett til tilskot etter § 2 gjeld følgjande vilkår:

  1. Søkjar må vere registrert i folkeregisteret som heimehøyrande i Eidfjord.
  2. Bustaden må nyttast som heilårsbustad for søkjaren og hans husstand i minst 5 år rekna frå utbetaling av tilskotet. Ved brot på buplikta etter denne regelen vert utbetalt tilskot å betale høvesvis attende. Den som får tilskot plikter å gje melding til kommunen ved endring i butilhøvet.
  3. Bustaden må minst oppfylla husbanken/landbruksbanken sine krav for lån til heilårsbustad.
  4. Ferdigattest må føreliggja 3 år etter godkjent rammeløyve. Etter dette fell tilsagnet om tilskot vekk. Kortare fristforlenging kan gjevast etter søknad.

§ 4 Diverse

Rådmannen får fullmakt til å ta avgjerd i saker etter desse reglane. Vedtak skal leggjast fram for formannskapet som melding. Formannskapet er klageorgan (jfr. Fvl. § 28). Tilskot kan utbetalast når det ligg føre ferdigattest.

§ 5 Tidslengd

Dette reglementet gjeld for søknader om byggeløyve som er kome inn til kommunen eller for kjøpekontrakt for bustad som er datert frå/etter den 01.07.2010. Gjeldande regelverk gjeld fram til nytt reglement trer i kraft. Reglane gjeld til kommunestyret eventuelt gjer nytt vedtak.

§ 6 Finansiering

Tilskot etter dette reglementet vert finansiert over bustadfondet.