Reglar for tilskot til bygging av utleigebustader

Vedteke i Eidfjord kommunestyre 15. september 2014 arkivsak 13/730, revidert 28.9.15 arkivsak 15/067

§ 1. føremål 

Føremålet med desse reglane er å stimulera til bygging av nye bustader for utleige i Eidfjord kommune. 

§ 2. tilskotsreglar 

For utbyggar som bygger bustadar/leiligheiter for utleige i Eidfjord kommune kan det etter søknad, gjevast eit tilskot stort kr. 200.000 pr. bueining etter desse reglane. 

For private som bygger bustader/leilegheiter for utleige i Eidfjord kommune kan det også, etter søknad, gjevast eit tilskot stort kr 50.000 for bygging av hybelhusvære i utleigebustaden. Bueininga må vera minimum 75 m2. 

§ 3. utleigegaranti 

Den som tek imot tilskot etter dette reglementet, pliktar å leiga ut bustaden(e) til fastbuande innbyggjarar i Eidfjord kommune i minst fem år frå den dato tilskotet vert utbetalt. 

§ 4. vilkår 

For tildeling av tilskot etter dette reglementet gjeld elles følgjande vilkår 

  • Bustaden må nyttast som heilårsbustad for leigetakarane. 
  • Ved brot på vilkåra for tilskot etter dette reglementet, vert utbetalt tilskot å betala høvesvis attende. Den som får tilskot pliktar å gje melding til kommunen ved endringar som kan medføra plikt til attendebetaling av tilskot. 
  • Bustaden(e) må minst oppfylla husbanken/landbruksbanken sine krav for lån til heilårsbustad. 
  • Ferdigattest må føreliggja 3 år etter godkjent rammeløyve. Etter dette fell tilsagnet om tilskot vekk. Kortare fristforlenging kan gjevast etter søknad. 

§ 5. diverse 

Rådmannen får fullmakt til å ta avgjerd i saker etter desse reglane. Vedtak skal leggjast fram for formannskapet som melding. Formannskapet er klageorgan etter reglane i forvaltningslova § 28. 

Tilskot kan utbetalast når det ligg føre ferdigattest. 

§ 6. finansiering 

Tilskot etter dette reglementet vert finansiert over bustadfondet.