Endra ein plan

Endra ein plan

Hovudregelen er at endring av ein plan fylgjer den same prosessen som for utarbeiding av ny plan, jf. pbl. § 12-14 fyrste ledd.

Tinging av oppstartsmøte

Bakgrunnen for at dei same reglane skal gjelda, er at planvedtaket som byggjer på fagleg utgreiing, offentleg medverknad og ein politisk prosess, skal vera forpliktande. Ein kan difor ikkje fråvika hovudtrekka utan ein ny og tilsvarande prosess.

Reguleringsplan

Mindre endring

Mindre justeringar av reguleringsformål, byggjegrenser, vegtrasear eller lignande kan i mange tilfeller handsamast som ei mindre endring av reguleringsplan. Dette forutsett at endringane i liten grad vil påverka gjennomføringa av planen for øvrig, ikkje går utover hovudtrekka i planen, og heller ikkje røre ved omsynet til viktige natur- og friluftsområder. 

Kva som ligg i at "endringane ikkje går utover hovudtrekka i planen", må vurderast konkret av kommunen i det enkelte tilfellet. Justering av grenser og arealformål kan vera aktuelt. Det kan også vera mogleg å gjera endringar i arealformål. Det må i den konkrete vurderinga takast omsyn til kva tiltak det gjeld, og kva interesser tiltaket rører ved. Om det gjeld tiltak i strid med nasjonale eller viktige regionale interesser som gjev grunnlag for motsegn, vil det ikkje vera aktuelt å gjennomføra endringa etter den enklare prosessen. Om endringa får vesentlege konsekvenser for andre saker, er det ikkje aktuelt å handsama den utan ordinær prosess sidan endringa må sjåast i ein større samanheng.

Tinging av oppstartsmøte ved mindre endring

Mindre endringar skal også meldast inn via skjemaet "tinging av oppstartsmøte", og kommunen vurderer om det er naudsynt å halda oppstartsmøte.

Kontakt

Gunnar Elnan
Rådgjevar
E-post
Telefon 53 67 36 52
Mobil 476 12 205

Opningstider

Måndag - fredag
08.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00