Avgrensa høyring for detaljreguleringsplan for næringsområdet på Lægreid

Avgrensa høyring for detaljreguleringsplan for næringsområdet på Lægreid

I etterkant av den ordinære høyringsrunden er det innarbeida ny omsynssone for ras- og skredfare, med tilhøyrande punkt i føresegnene.

Merknadsfrist: 28. mai 2020.

Omsynssona som er innarbeida er basert på ny skredfarevurdering utarbeida av SKRED AS, datert 23.04.2020. Omsynssona sørgjer for at framtidige bygg og anlegg vert dimensjonert slik at dei tåler skredvind i tråd med konklusjonane i vurderinga.

Kommunen gjer vidare merksam på at det kun er den nye omsynssona med tilhøyrande føresegn i punkt 6.1, som vert høyrt på.

Saksdokument

Saksdokumenta ligg tilgjengeleg i kommunens planregister. Søk på planid 2019003.

Innspel

Eventuelle innspel skal sendast til postmottak@eidfjord.kommune.no, eller per brev til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord. Merk innspelet med arkivsakid 19/777.

Merknadsfrist: 28. mai 2020.