Eidfjord Kommune

Detaljreguleringsplan for Maursetparken

Detaljreguleringsplan for Maursetparken

Kunngjering - Vedtak av detaljreguleringsplan for Maursetparken

Melding om vedtak

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-12 vart Detaljregulering for Maursetparken – gnr. 17, bnr. 207 (planid 2018002) vedteken i Eidfjord kommunestyre 17.10.22, sak 22/092. Plandokumenta finn du i kommunen sitt planregister.

Planen endrar storleiken på næringsområdet og legg til rette for leilegheitsbygg med fritidsbustader. Planen førar også til ei betre tilpassing til myra i området. 

Rett til å klaga på vedtaket 

Du har rett til å klaga på vedtaket jf. pbl. § 1-9. Frist for å klaga på vedtaket er etter forvaltningslova § 29 satt til 3 veker. Eventuelle klager skal sendast til postmottak@eidfjord.kommune.no, eller til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord.

Merk sendinga med saksnr 18/673.