Endring av detaljplan for FetMelding om vedtak - Endring av detaljplan for Fet etter forenkla prosess Publisert 26.10.2022 08.25 Sist endra 26.10.2022 08.42 Melding om vedtak Med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 vart reguleringsendring av Detaljplan for Fet etter forenkla prosess, vedteke i Eidfjord kommunestyre 12.10.22, sak 22/134. Relevante dokument finn du i kommunen sitt planregister under planid 2013002 og «mindre endring». Endringa legg til rette for at Drøllstølsbekken kraftverk sitt stasjonsbygg og tilkomstveg kan byggjast i samsvar med konsesjon. Rett til å klaga på vedtaket Du har rett til å klaga på vedtaket jf. pbl. § 1-9. Frist for å klaga på vedtaket er etter forvaltningslova § 29 satt til 3 veker. Eventuelle klagar sendast til postmottak@eidfjord.kommune.no, eller til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord. Merk sendinga med saksnr 22/751.