Forskrift om atferdsreglar og parkering på og ved TinnhølvegenForslag til Forskrift om atferdsreglar og parkering på og ved Tinnhølvegen i Eidfjord kommune. Frist for å kome med innspel er 03.04.2023. Publisert 03.02.2023 10.42 Sist endra 03.02.2023 13.45 Forskrift Eidfjord kommune har utarbeida eit forslag til parkeringsforskrift for Tinnhølen. Denne regulerer parkering og overnatting frå og med Tråastølen til og med parkeringsplassen på Tinnhølen. Forskrifta er ei oppfylgjing av vedteken reguleringsplan for området, Tinnhølvegen med damområdet, planid. 2009002. Høyring Eidfjord formannskap vedtok i møte 25.01.23, sak 23/014, å leggje forskrifta ut på høyring. Den skal liggje på høyring i to måneder. I høyringsperioden er det opent for at alle som ynskjer det kan kome med innspel. Innspel Innspel skal sendast skriftleg til postmottak@eidfjord.kommune.no, eller per brev til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord. Frist for å kome med innspel er 3. april 2023. Vedlegg Framlegg til forskrift om atferdsreglar og parkering på og ved Tinnhølvegen i Eidfjord kommune (PDF, 162 kB) Saksutgreiing som gjev utfyllande bakgrunnsinformasjon til forskrifta (PDF, 2 MB) Reguleringsplan for området