Høyring av planforslag - kommunedelplan for klima og energi i Eidfjord

Høyring av planforslag - kommunedelplan for klima og energi i Eidfjord

Eidfjord kommune har utarbeidd forslag til klima- og energiplan. Formannskapet har den 17.06.2020 vedteke å senda dette forslaget til tematisk kommunedelplan på høyring og leggja det ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova §§ 5-2 og 11-14.

Høyringsfrist er 14. august 2020.

I høyringa kan lokalbefolkninga og andre interessegrupper òg koma med forslag til tiltak for 2021; desse kan hentast både frå tiltakspool eller vera nye tiltak.

Plandokument

Planutkast for kommunedelplan for klima og energi (PDF, 2 MB)

Vedlegg A - Utsleppsrekneskap for Eidfjord, med reduksjonsmål 2030 (XLSX, 64 kB)

Vedlegg B - Felles viljeserklæring for ei meir miljøvenleg cruisenæring (PDF, 380 kB)

Innspel

Frist for å koma med innspel er 14. august 2020. Eventuelle innspel kan sendast til postmottak@eidfjord.kommune.no eller Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord.