Høyring av planprogram og varsel om oppstart for endring av kommunedelplan for Sysendalen

Høyring av planprogram og varsel om oppstart for endring av kommunedelplan for Sysendalen

Eidfjord kommunestyre vedtok i møte 17.06.2019 sak 19/033 å starta opp arbeid for endring av kommunedelplan for Sysendalen. Samstundes vert planprogram å leggja ut til offentleg ettersyn.

Bakgrunn for saka er ordlyd i føresegnene til gjeldande kommuneplan som har skapt usemja om forståing av rekkefølgjekrav i forhold til krav om utbygging og ferdigstilling av vatn og avlaupsanlegg før område kan byggjast ut. Føremålet med endringa er å ha ein meir smidig prosess i forholdet mellom byggjeløyve og kravet om tilknyting til godkjent VA-anlegg.

Planprogram (PDF, 224 kB)

 
Høyringsfrist: 5. august 2019
 

Innspel kan sendast per e-post til postmottak@eidfjord.kommune.no, eller per brev til

Eidfjord Kommune
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Kontakt

Katrine Helle Midtbø
Rådgjevar
E-post
Telefon 53 67 35 69
Mobil 918 80 730