Eidfjord Kommune

Høyring - Forskrift for motorferdsel i utmark og på vassdrag

Høyring - Forskrift for motorferdsel i utmark og på vassdrag

Eidfjord kommune har utarbeida eit forslag til endring av § 2 i Forskrift for motorferdsel i utmark og på vassdrag, Eidfjord kommune, Hordaland. Paragrafen regulerer ferdsel på vatn og vassdrag i Eidfjord kommune. 

Frist for å gje innspel er 3. april 2023.

Høyring

Motorferdselutvalet i Eidfjord kommune vedtok i møte 30.01.2023 (sak 23/002) å leggja forslaget til endring av lokal forskrift ut på høyring, med dei endringa som vart føreslege i møtet. Endringa skal liggje på høyring i to månader. I høyringsperioden er det opent for at alle som ynskjer kan kome med innspel.

Høyringsfrist

Innspel skal sendast skriftleg på e-post til postmottak@eidfjord.kommune.no, eller per brev til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord.

Frist for å gje innspel er 3. april 2023.

Vedlegg

Forslag til endring av lokal motorferdselforskrift og vedtak frå Motorferdselutvalet er vedlagt. Saksutgreiinga til vedtaket gir utfyllande bakgrunnsinformasjon til forskrifta. Mottakarlista er ikkje uttømande, difor oppmodar me å vidaresenda om de har kjennskap til ytterlegare partar som vert råka av endringa.