Høyring/offentleg ettersyn av endring av reguleringsplan for Fet

Høyring/offentleg ettersyn av endring av reguleringsplan for Fet

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 vert reguleringsplan for gbnr. 19/234 og delar av 19/2, planid 2019002,  lagt ut til høyring/offentleg ettersyn.

Frist for å koma med innspel er 12. desember 2019.

Endringsforslaget endrar delar av gjeldande reguleringsplan for Fet planid 2013002. Det har tidlegare vore varsla oppstart med ynskje om å handsama saka etter reglar i pbl. § 12-14 andre ledd. Innkomne merknadar gjer at endringsforslaget må handsamast etter ordinære reglar jf. pbl. § 12-14 fyrste ledd.

Føremålet med reguleringsendringa

Dagens reguleringsplan har regulert veg, med tre felles parkeringsplassar innanfor planområdet. Føremålet med reguleringsendringa er å leggja til rette for etablering av veg heilt fram til dei 13 fritidsbustadane innanfor planområdet. Dei felles parkeringsplassane innanfor planområdet er teke ut av planen. Gjeldande føresegner for området skal framleis gjelde, men vil bli supplert med tilleggsføresegna til omsynssona for høgspenningsanlegg.

Planen består av plankart i målestokk 1:2000 og planomtale. Alle plandokumenta er også tilgjengelege i servicetorget på kommunehuset i Eidfjord.

 

Merknadar til reguleringsarbeidet kan sendast per e-post til postmottak@eidfjord.kommune.no, eller til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 innan 12. desember 2019.

Kontakt

Katrine Helle Midtbø
Rådgjevar
E-post
Telefon 53 67 36 59
Mobil 918 80 730