Høyring/offentleg ettersyn av forslag til mindre endring av VA-føresegner i kommunedelplan for Sysendalen

Høyring/offentleg ettersyn av forslag til mindre endring av VA-føresegner i kommunedelplan for Sysendalen

Forslaget til nye og endra VA-føresegner i kommunedelplan for Sysendalen (planid 2014002) vert lagt ut til offentleg høyring og ettersyn jf. pbl. § 11-14. Intensjonen med endringa er å få ein meir smidig prosess i forholdet mellom byggjeløyve og kravet om tilknyting til godkjent vatn- og avlaupsanlegg.

Frist for å koma med merknadar er 10. januar 2020.

Det er fatta vedtak i Eidfjord formannskap og kommunestyre (21.10.19 sak 19/138 og 04.11.19 sak 19/070) om å fastsetja planprogrammet for endring av VA-føresegner i kommunedelplan for Sysendalen, samt å leggja forslaget til nye føresegner ut på høyring.

Eventuelle merknadar kan sendast til postmottak@eidfjord.kommune.no, eller per brev til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord.

Kontakt

Louise Pettersen
Ass. kommunalsjef / byggesakhandsamar
E-post
Telefon 53 67 36 54
Mobil 415 77 063
Katrine Helle Midtbø
Rådgjevar
E-post
Telefon 53 67 36 59
Mobil 918 80 730