Høyring og offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan for næringsområdet på Lægreid

Høyring og offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan for næringsområdet på Lægreid

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 vert detaljreguleringsplan for næringsområdet på Lægreid, planid 2019003, lagt ut til høyring og offentleg ettersyn.

Merknadsfrist: 27.03.2020.

Formålet med planen

Formålet med planen er å leggja til rette for å etablera ny brannstasjon og kontor-/lagerbygning for ei av kommunens avdelingar. Detaljreguleringsplanen endrar strukturen på areala, og vegen for gjennomgangstrafikk vert lagt om. Det er også regulert eige fortau/gang- og sykkelveg gjennom området.

Plandokument

Detaljreguleringsplanen består av plankart, føresegner og planomtale. Alle plandokumenta er datert 14.02.2020.

Innspel

Eventuelle merknader til planforslaget skal sendast til postmottak@eidfjord.kommune.no, eller per brev til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord.

Merknadsfrist: 27.03.2020.

Kontakt

Katrine Helle Midtbø
Rådgjevar
E-post
Telefon 53 67 36 59
Mobil 918 80 730